Ny kommunikasjonsløysing fjernar tidstjuv hjå fastlegar

Helse- og omsorgsdepartementet har løyva fem millionar kroner til KS for å utvikle ei kommunikasjonsløysing til fastlegane for utveksling av informasjon som er underlagt teieplikt.

Ei arbeidsgruppe med KS, Digitaliseringsdirektoratet (Digdir), Norsk Helsenett og Legeforeningen har i fellesskap kome fram til løysinga som vil effektivisere fastlegane sin digitale kommunikasjon med både kommunal og statleg sektor.

I første omgang er det nedsett ei prosjektgruppe i KS Digital, eit selskap eigd av KS, som skal utvikle løysinga for kommunal sektor. Prosjektet har oppstart no i februar, og løysinga vil bli implementert innan utgangen av året. Digdir vil følge opp med å utvikle løysinga for statleg sektor.

– Dette er ei etterlengta løysing på ein langvarig tidstjuv hjå fastlegane, og eg er glad for at vi har med både KS, Digdir, NHN og ikkje minst også Legeforeningen på laget. Dei har jobba godt saman om forslag til løysning av problemet, seier helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre. 

Tungvint løysing i dag

Offentlege etatar som statsforvaltar, barnevernet og kommunen er avhengig av å utveksle opplysningar som er underlagde teieplikt med fastlegane. I dag skjer denne korrespondansen i stor grad som brev til innboksa i Altinn, eller som papirpost.

Dette er ei tungvint og tidkrevjande løysing, som i mange tilfelle gjer at oppfølginga av pasienten blir forseinka.  

Digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung seier dette er eit godt eksempel på at forvaltninga må samarbeide meir på tvers.

– Vi må ta i bruk digitale løysningar for å gi kommunar og næringsliv ein enklare, betre og tryggare kvardag. No får vi plass ei løysing som vil spare tid for både fastlegar og offentlege tilsette, og samtidig styrke tryggleiken for helseopplysningar, seier Tung.

Mange fordelar med ny løysing

  • Den nye løysinga gjenbruker eksisterande infrastruktur for meldingar hjå Norsk helsenett, og den ivaretar dermed krava til tryggleik for helseopplysningar.
  • Opplysningar og brev kjem direkte til riktig mottakar, i riktig og sikkert system, og glepp ikkje fordi dei ligg i «feil» postkasse.
  • Legane vil på sikt kunne kommunisere med statlege og kommunale etatar sikkert og effektivt direkte frå sine eksisterande fagsystem.

Raskare oppfølging

– Pasienten får også raskare oppfølging ved den nye løysinga. Dette er dermed nok ei løysing som gjer samhandlinga i vår felles helseteneste betre, seier Vestre.

Løyvinga til KS går til utvikling av FIKS-plattformen (ks.no), som er ei digital plattform der kommunal sektor kan kommunisere på tvers av forvaltningsnivå. Digdir, som leverer digitale fellestenester til statleg sektor, tar sin del av utviklinga innanfor eigne budsjett.