Ny konkurransedirektør
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgiver: Nærings- og fiskeridepartementet
Nyhet | Dato: 22.01.2016
Lars Sørgard er utnemnd til konkurransedirektør. Sørgard kjem frå stillinga som sjeføkonom i Konkurransetilsynet.
– Eg er svært glad for at Lars Sørgard i dag er utnemnd til ny konkurransedirektør. Sørgard har ein unik bakgrunn. Saman med kompetente medarbeidarar er tilsynet (og KOFA) no topp rusta for eit viktig arbeid til beste for forbrukarar og bedrifter, seier næringsminister Monica Mæland.
Lars Sørgard er 56 år og har sidan i sommar vore sjeføkonom i Konkurransetilsynet. Sørgard har bakgrunn som professor ved Norges Handelshøyskole og har leiarerfaring frå NHH-miljøet, mellom anna som forskingssjef og styreleiar ved SNF (Samfunns- og næringslivsforsking).
Sørgard har i ei årrekke forska innanfor feltet konkurransepolitikk med ansvar for kursa konkurransepolitikk og konkurranserett ved NHH. Sørgard har deltatt i fleire nasjonale utval som ekspert på konkurransefeltet.
– Eg er veldig fornøgd med at vi får ein internasjonalt fagleg anerkjent leiar. Sørgard har gode formidlingsevner og ambisjonar om å sette konkurranseutfordringar på dagsordenen, seier Mæland.
Lars Sørgard er tilsett på åremål for seks år, med mogleg forlenging i ytterlegare éin periode. Han tiltrer stillinga måndag 25. januar.