Ny leiar i Karantenenemnda
Pressemelding | Dato: 13.04.2023 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Sylvia Kristin Brustad er oppnemnd som ny leiar i Karantenenemnda frå 1. mai 2023. Det skjer i samband med at nåverande leiar, Hill-Marta Solberg fråtrer. Bernt Jørgen Stray er gjenoppnemnd for fire år som medlem i Karantenenemnda.
Karantenenemnda er ei fagleg uavhengig nemnd som kan gjere vedtak om karantene og saksforbod når politikarar går frå politisk embete eller stilling til stilling eller verv utanfor statsforvaltninga eller etablerer næringsverksemd. Nemnda har òg myndigheit til å treffe vedtak om reaksjonar ved brot på lova.
Lang og brei erfaring
Sylvia Kristin Brustad, som er oppnemnd som ny leiar, har lang og brei erfaring frå politiske verv og frå stillingar i privat næringsliv. Ho var valt inn på Stortinget frå Hedmark fylke for Arbeiderpartiet i tida frå 1989 til 2009. Brustad har vore statsråd i fire departement; Barne- og familiedepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og i Nærings- og handelsdepartementet. Brustad var konstituert som fylkesmann i Hedmark frå 2010 til 2013. Ho var dagleg leiar for Aker Kværner Holding AS frå 2013 til 2015, var reiselivssjef i Hamarregionen, og frå 2017 til 2019 var ho direktør for Spekter Helse i Arbeidsgiverforeningen Spekter. Brustad er no dagleg leiar og styreleiar i Brustad Utvikling, og partnar og styreleiar i Arnstad-Lystad-Brustad. I tillegg har ho ei rekkje styreverv.
Bernt Jørgen Stray er tilsett som direktør for samhandling og innovasjon i Kristiansand kommune. Stray er utdanna jurist frå Det juridiske fakultet ved Universitetet i Oslo. Han var leiar for kommuneadvokatkontoret i Kristiansand kommune frå 2019 - 2021. Før det var han personal- og organisasjonsdirektør ved Universitet i Agder, advokat i Norsk Industri, advokat og avdelingsleiar for NHO Mat og Drikke og advokatfullmektig i Handels- og Servicenæringens Hovedsorganisasjon (nå Virke). Han var politisk rådgjevar for næringsminister Ansgar Gabrielsen i 2004.
Andre medlemmar
Nestleiar i nemnda er Gunnar Hæreid. Han er jurist og er assisterande statsforvaltar i Vestland. Dei andre medlemmane i nemnda er Ragna Aarli, professor og prodekan for forsking ved Juridisk fakultet i Bergen og Steinulf Tungesvik, advokat og partnar i HLT Advokatfirma.
Karantenenemnda består av ein leiar, ein nestleiar og tre andre medlemmar. Oppnemninga skjer for fire år om gongen, med moglegheit for gjenoppnemning ein gong for fire nye år.
Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00