Ny openheitslov frå 1. juli neste år
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Barne- og familiedepartementet
Nyheit | Dato: 01.10.2021
Openheitslova pålegg større verksemder arbeide aktivt med å avdekke og handtere negativ påverknad på menneskerettar og arbeidstilhøve i leverandørkjedene sine. Forbrukartilsynet har fått ansvaret for å føre tilsyn med og gi rettleiing om lova. Lova trer i kraft 1. juli 2022.
Mange verksemder er opptekne av at produkta og tenestene dei tilbyr, skal vere produserte under gode arbeidstilhøve. Men mange av dei manglar oversikt over tilhøva i leverandørkjedene sine. Det gjer at mange varer som blir selde i norske butikkar, er produserte under dårlege arbeidstilhøve.
Openheitslova blei vedteken av Stortinget 14. juni 2021. Lova pålegg større verksemder å utføre aktsemdsvurderingar, som er ein internasjonalt anerkjend metode for korleis verksemdene skal jobbe med tematikken.
– Ingen menneske skal måtte leve eller jobbe i slaveri eller i slaveriliknande forhold. Målet er at pliktene i openheitslova skal auke medvitet om krenking av menneskerettar og uanstendig arbeid i verksemdene, og på lengre sikt medverke til ein meir etisk produksjon av varer og tenester som blir selde i norske butikkar, seier forbrukarminister Olaug Bollestad (KrF).
Verksemdene blir òg pålagde å svare på informasjonskrav frå publikum. Det gjer forbrukarane, sivilsamfunnet og andre tilgang til informasjon om kva vurderingar av risiko og tiltak verksemdene gjer for å sikre menneskerettar og arbeidstilhøve.
Føremålet er at forbrukarane skal bli i stand til å ta meir etiske kjøpsavgjerder. Brot på lova kan medføre tvangsmulkt eller lovbrotsgebyr for verksemdene.
Hele openheitslova trer i kraft 1. juli 2022. Det betyr òg at reglane om tilsyn og sanksjonar vil gjelde frå denne datoen. I den første tida vil likevel rettleiing til verksemdene vere viktigast.
– Både Forbrukartilsynet og næringslivet treng noko tid på seg til å få på plass den naudsynte kunnskapen og kompetansen som openheitslova krev. Det er viktig at vi gir dei denne tida, seier Bollestad.