Ny ordning for deling av eigenprodusert, fornybar straum
Pressemelding | Dato: 22.02.2023 | Energidepartementet, Finansdepartementet
Regjeringa vil gjere det lettare for burettslag, fleirbustadhus og næringsbygg å bli med i plusskundeordninga. Det betyr at fleire kan produsere straum frå for eksempel solcellepanel på taket og at dei slepp å betale nettleige og elavgift for den krafta dei sjølv har produsert.
– Det er viktig for regjeringa å auke produksjonen av fornybar kraft. Det er aukande interesse for lokal straumproduksjon, og då særleg ved bruk av solceller. Eg er glad for at me no kan leggje betre til rette for dette, seier olje- og energiminister Terje Aasland.
Regjeringa vil snarleg endre forskriftene for å få dette på plass. I forslaget som vart sendt på høyring i fjor vart det foreslått å avgrense ordninga til anlegg på opp til 500 kilowatt (kW) per eigedom. Etter høyringsrunden har regjeringa bestemt å auke denne grensa til 1000 kW per eigedom, noko som er ei dobling av det dom opprinneleg vart foreslått. På den måten blir det lagt enda betre til rette for å utnytte tilgjengeleg areal. Det betyr også enda meir effektiv energiproduksjon.
– Me treng meir kraft. Desse endringane vil gjera det meir attraktivt for burettslag og ein del næringsaktørar å bruka ledig takareal til å produsera eigen energi. Dette er praktisk klimapolitikk, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum.
Endringane som no blir gjort gjer at kundar på same eigedom kan gå saman om å produsere fornybar kraft, og at dei får fritak for elavgift og nettleige når dei brukar den krafta dei sjølv har produsert.
– Me såg i høyringa at fleire hadde ønske om enda meir produksjon. Det ønskjer regjeringa også, og difor aukar me grensa til 1000 kW. Det er ei dobling frå forslaget som blei sendt på høyring, seier Aasland.
Fram til no er det først og fremst einebustader med eigen straumproduksjon som har vore omfatta av plusskundeordninga. No blir også burettslag, fleirbustadhus og næringsbygg med fleire straumabonnentar omfatta av ordninga.
Plusskundar betaler ikkje fastledd for innmating og kan måle og avrekne innmating og uttak i eit felles målepunkt. Elektrisk kraft produsert til eige bruk har også fritak for elavgift.
Olje- og energidepartementet og Finansdepartementet vil fastsetje dei nødvendige forskriftsendringane så snart som mogleg. Ordninga vil få verknad så snart EØS-rettslege spørsmål om offentleg støtte er avklart med ESA. At forskrifta først får verknad litt fram i tid gir også nettselskapa høve til å implementere endringane på ein god måte.
Her finn du pressemeldinga frå i sommar: Vil etablere ordning for deling av egenprodusert strøm i borettslag og næringsbygg - regjeringen.no