Ny ordning for sletting av studielån blir sendt på høyring

I statsbudsjettet foreslår regjeringa ei ny ordning for sletting av utdanningsgjeld. Forslaget krev regelverksendringar, som Kunnskapsdepartementet no sender på høyring. Høyringsfristen er tre månader.

– Mangel på kompetanse er ei stor utfordring i heile Noreg. Effekten av kompetansemangelen er mest merkbar i distrikta og i Nord-Noreg. No vil vi innføre ei ordning som gjer at dei som bur i landets minst sentrale kommunar, kan spare fleire hundre tusen kroner over tid. No sender vi forslaget på høyring, og håper å få mange gode innspel, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp).

Butida startar 1. januar 2025

I høyringa er det foreslått at frå 1. januar 2025, vil alle som bur i ein kommune på sentralitetsnivå 5 eller 6, og som er yrkesaktiv, kunne starte første oppteningsperiode frå 1. januar 2025.

Høyringsfristen blir 14. februar 2025. Kunnskapsdepartementet vil gå gjennom dei innspela som kjem inn, og etter høyringsrunden kan Kunnskapsdepartementet tidleg i 2025 fastsette reglane for ordninga.

Kort om den nye ordninga for gjeldsslette

  • Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026.
  • Du må vere busett i ein av desse kommunane, og vere yrkesaktiv, i minst eitt år.
  • Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt.
  • Tiltaket gjeld alle typar utdanningsgjeld, uavhengig av når den er teken opp.
  • For dei som bur i dei 25 kommunane i Finnmark og Nord-Troms, aukar regjeringa beløpet som kan slettast frå 30 000 til 60 000 kroner per år, også frå 2026.
  • Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års oppteningstid vere kvalifisert til å få sletta gjeld.