Ny ordning for sletting av studielån – no startar oppteninga
Pressemelding | Dato: 01.01.2025 | Kunnskapsdepartementet
Frå i dag startar det: Bur du i ein av dei 189 kommunane i ordninga, og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt. Over tid kan du spare fleire hundre tusen kroner. Du kan få sletta lån kvart år til det er nedbetalt.
– Skal vi utvikle heile Noreg vidare treng vi eit verdiskapande næringsliv og gode velferdstenester. Vi vil unngå at distrikta blir tømde for folk og kompetanse, som er viktig for landets beredskap. Derfor styrker vi no tilgangen på kompetanse i heile landet, og det gjer vi på den mest effektive måten – direkte i lommeboka, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp).
Sone 5:
Alstahaug, Alvdal, Aremark, Aukra, Austevoll, Austrheim, Averøy, Bardu, Bokn, Brønnøy, Bømlo, Drangedal, Etne, Etnedal, Fitjar, Flå, Frosta, Gjemnes, Gjerstad, Gloppen, Grong, Grue, Hadsel, Haram, Heim, Hemnes, Hemsedal, Herøy (Møre og Romsdal), Hjartdal, Hjelmeland, Hol, Hustadvika, Hægebostad, Indre Fosen, Iveland, Kinn, Krødsherad, Kvinesdal, Kvinnherad, Kviteseid, Kvæfjord, Lund, Luster, Lærdal, Meråker, Midtre Gauldal, Målselv, Nesbyen, Nord-Fron, Nærøysund, Oppdal, Overhalla, Rauma, Rennebu, Rindal, Ringebu, Rollag, Røros, Saltdal, Sauda, Sel, Selbu, Seljord, Senja, Sigdal, Sirdal, Sogndal, Sokndal, Stad, Stranda, Stryn, Sunndal, Sunnfjord, Surnadal, Sør-Aurdal, Sør-Fron, Sørreisa, Tingvoll, Tinn, Tolga, Trysil, Tynset, Tysnes, Ullensvang, Vaksdal, Vegårshei, Vestnes, Vestre Slidre, Vestvågøy, Vindafjord, Vågan, Vågå, Våler (Innlandet), Øksnes, Ørland, Øystre Slidre, Ål, Åmli, Åmot, Årdal, Åsnes
Sone 6:
Andøy, Askvoll, Aure, Aurland, Balsfjord, Beiarn, Bindal, Bremanger, Bygland, Bykle, Bø, Dovre, Dyrøy, Dønna, Eidfjord, Engerdal, Evenes - Evenássi, Fedje, Fjaler, Fjord, Flakstad, Flatanger, Folldal, Frøya, Fyresdal, Gildeskål, Grane, Gratangen, Gulen, Hamarøy, Hattfjelldal, Herøy (Nordland), Hitra, Holtålen, Hyllestad, Høyanger, Høylandet, Ibestad, Kvitsøy, Leirfjord, Leka, Lesja, Lierne, Loabák - Lavangen, Lom, Lurøy, Lødingen, Masfjorden, Meløy, Modalen, Moskenes, Namsskogan, Nesna, Nissedal, Nore og Uvdal, Os, Osen, Rendalen, Rødøy, Røst, Raarvihke - Røyrvik, Salangen, Sande, Skjåk, Smøla, Snåase - Snåsa, Solund, Steigen, Stor-Elvdal, Suldal, Sømna, Sørfold, Tjeldsund, Tokke, Træna, Tydal, Ulvik, Utsira, Valle, Vang, Vanylven, Vega, Vevelstad, Vik, Vinje, Værøy, Åfjord, Åseral
Kommunar i Finnmark og Nord-Troms:
Karlsøy, Lyngen, Storfjord - Omasvuotna - Omasvuono, Gáivuotna - Kåfjord - Kaivuono, Skjervøy, Nordreisa, Kvænangen, Alta, Hammerfest, Sør-Varanger, Vadsø, Kárásjohka - Karasjok, Guovdageaidnu - Kautokeino, Loppa, Hasvik, Måsøy, Nordkapp, Porsanger - Porsángu - Porsanki , Lebesby, Gamvik, Deatnu - Tana, Berlevåg, Båtsfjord, Vardø, Unjárga - Nesseby
Oppteningsperioden startar 1. januar 2025
Alle yrkesaktive som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt år kunne få sletta 25 000 kroner i året. For dei som bur i innsatssona, altså ein av dei 25 kommunane i Finnmark og Nord-Troms, aukar regjeringa beløpet som kan slettast frå 30 000 til 60 000 kroner per år for alle som byrjar på ein oppteningsperiode frå 1. januar 2025.
– Av erfaring veit vi at slike tiltak verkar. Her er det mykje pengar å spare. For eit par i etableringsfasen kan 50 000 kroner i året i sletting av studielån gi eit kraftig påskot for å flytte ut av byen. Det treng distrikta våre, seier Hoel.
Studielånet kan slettast kvart år, fram til ein har betalt det ned. Tiltaket gjeld alle typar utdanningsgjeld, uavhengig av når den er teken opp.
Raskare saksbehandling
I statsbudsjettet for 2025 har Stortinget løyvd 13 millionar kroner til utvikling av ordninga. Pengane skal gå til å utvikle ei effektiv løysing i Lånekassen, som sørger for at det blir enkelt å søke om å få sletta gjelda, og at saksbehandlingstida skal bli så kort som mogleg når søknadene skal behandlast frå januar 2026.
Dei som nyttar seg av ordninga vil ikkje berre tene på å få sletta delar av gjelda årleg. Dei vil også betale mindre renter totalt når gjelda blir sletta. Tabellen viser kor mykje personar med ulike lånebeløp vil tene på ordninga, samla sett over heile nedbetalingsperioden. Ei rente på 5 pst. er lagt til grunn i desse døma.
Lånebeløp |
Ordinær kostnad (dvs. inkludert rente) |
Samla reduksjon distriktskommunar |
Samla reduksjon Finnmark og Nord-Troms |
200 000 kr |
270 400 kr |
158 200 kr |
246 400 kr |
400 000 kr |
644 356 kr |
345 756 kr |
560 356 kr |
600 000 kr |
966 534 kr |
419 034 kr |
785 034 kr |
- Alle kommunar i sone fem og seks i SSBs sentralitetsindeks er omfatta av ordninga. Det er totalt 189 kommunar utanom innsatssona.
- For å kvalifisere for sletting av gjeld må ein ha budd i ein av kommunane i minst eitt år og vore yrkesaktiv etter du starta å nedbetale studielånet. Det er ingen krav til kva kommune ein jobbar i.
- Oppteninga startar frå og med 1. januar 2025, som gir gjeldssletting tidlegast 1. januar 2026.
- Oppteninga knytast til folkeregistrert adresse, og gjeld frå dato til dato i eitt år, uavhengig av kva dato flytting blir meldt.
- Kravet om oppteningsperioden på 12 månader er same vilkår som gjeld for den eksisterande ordninga for sletting av gjeld i Finnmark og Nord-Troms.
- 25 000 kroner blir sletta for dei som oppfyller vilkåra kvart år til ein har betalt ned heile gjelda.
- Alle typar utdanningsgjeld frå Lånekassen kan slettast, uavhengig av om den stammar frå grunnskule- eller vidaregåande opplæring, høgare yrkesfagleg utdanning, høgare utdanning, eller andre utdanningsformer. Det er ingen krav til når gjelda blei teken opp.
- Denne nye ordninga for sletting av studielån kan kombinerast med ordningane for sletting av studielån, både for nyutdanna lærarar og for lærarutdanna med spesialisering i realfag, framandspråk, samisk eller kvensk.
- For dei som bur i dei 25 kommunane i Finnmark og Nord-Troms, aukar regjeringa beløpet som kan slettast frå 30 000 til 60 000 kroner per år, også frå 2026. Dei som jobbar som kvalifisert lærar i ein grunnskule i desse kommunane kan få ytterlegare 20 000 kroner av studielånet sletta kvart år.