Ny politisk rådgjevar i Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 16.08.2024 | Landbruks- og matdepartementet
Henrik Nordtun Gjertsen er engasjert som ny politisk rådgjevar i Landbruks- og matdepartementet. Han tek over etter Siv Sætran som går til Finansdepartementet som politisk rådgjevar der.
Henrik Nordtun Gjertsen er 25 år, er frå Sandnes i Rogaland, men bor nå på ein fruktgard i Hardanger som familien har. Han har hatt ulike verv i Norges Bygdeungdomslag (NBU) og kjem nå frå vervet som styreleiar som han har hatt sidan 2022. Nordtun Gjertsen har ein bachelor i utøvande folkemusikk frå Norges Musikkhøgskole og studerer nå på Veterinærhøgskulen.