Ny rapport om kommuneøkonomien
Pressemelding | Dato: 25.11.2024 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Det tekniske berekningsutvalet for kommunal og fylkeskommunal økonomi legg i dag fram sin rapport for hausten 2024. Dei gir mellom anna sine vurderingar av situasjonen i kommuneøkonomien.
Rapporten gir ei skildring av utviklinga i økonomien i kommunesektoren dei siste åra, inntektsutviklinga, tenester, investeringar, gjeld, netto driftsresultat, effektivitet og vurderingar av demografiutviklinga. Dette er fyrste gong ein gjer ut rapporten i NOU-serien.
- Her kan du lese hele NOU-en: Det tekniske beregningsutvalg for kommunal og fylkeskommunal økonomi høst 2024
- Og her er utvalgets egen pressemelding: Pressemelding fra Teknisk beregningsutvalg for kommunal og fylkeskommunal økonomi (pdf)
I eit eige kapittel gir utvalet sine vurderingar av situasjonen i kommuneøkonomien. Utvalet er leidd av professor Jon Magnussen og er breitt samansett med representantar for stat, kommunal sektor og forskarar.
− Det er ei krevjande tid for mange kommunar. Rapporten dannar eit viktig grunnlag fram mot kommuneproposisjonen, som regjeringa legg fram før sommaren kvart år. Det blir viktig for meg å setje meg godt inn i rapporten, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande.