Ny rapport om tenestetilbodet til sårbare barn og unge under koronakrisa
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Barne- og familiedepartementet
Nyheit | Dato: 29.04.2020 | Sist oppdatert: 14.05.2020
Mange barn og unge har ikkje fått det tilbodet dei har rett på under koronakrisa. Årsakene til endringane i tenestene er omdisponeringar av personalressursar, smittevernrestriksjonar og redusert etterspurnad, viser ein ny rapport frå koordineringsgruppa som ser på tilbodet til sårbare barn og unge.
– Dei eg har bekymra meg mest for under denne krisa er barn og unge som av ulike årsaker er ekstra sårbare. Kostnadane kan bli veldig store for den enkelte – og for samfunnet – om det førebyggande og avhjelpande tilbodet til sårbare barn og unge ikkje vert prioritert. Så eg vil på det sterkaste oppfordre kommunane til å prioritere tenestene for barn og unge, seier barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF).
20 prosent utsette barn og unge
Koordineringsgruppa anslår at utsette barn og unge utgjer om lag 20 prosent av barn og unge i landet. I rapporten slår dei fast at tenestene til barn og unge har blitt vesentleg endra under covid-19-pandemien. Dette er det særleg tre årsaker til. Det er endringar på grunn av omdisponeringar av personalressursar, endringar på grunn av smittevernrestriksjonar og endringar på grunn av redusert etterspurnad.
Folkehelseinstituttet har inntrykk av at nesten alle tenester har sett i gang smitteverntiltak som er vesentlig strengare enn råda dei har gitt primær- og spesialisthelsetenestene. Fleire skulehelsetenester og helsestasjon for ungdom har vore heilt stengt eller har redusert bemanning.
– Vi må sikre at sårbare barn og unge blir følgt opp, sjølv om vi er i ein spesiell situasjon med koronaepidemien. No som smittetala går ned har eg bedt om at helsestasjonane og skulehelsetenesta så langt det let seg gjere går tilbake til normal drift, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie (H).
Opplever tilbod om skule og barnehagar som stigmatiserande
I heile perioden med stengde barnehagar og skular, har det vore tilbod til barn der begge foreldre er i samfunnskritiske jobbar og til barn og unge med særskilte omsorgsbehov. Fleire har takka nei til tilbodet av smittevernsomsyn. Kommunane viser til at mange barn og foreldre opplever kriteriet «barn og unge med særskilte omsorgsbehov» som stigmatiserande, og derfor ikkje ønskjer å bruke tilbodet.
– Kvar dag utan eit skuletilbod har stor betydning for dei sårbare barna. Derfor er det bra at skulen har opna for dei minste. Eg håpar foreldra lyttar til dei faglege råda om at det er trygt å sende barna på skulen. For dei trinna som endå ikkje har opna, må skuleiegarane framleis aktivt kartlegge kven som treng eit tilbod no, og tilby dei plass, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V).
Nye smittevernrettleiarar
Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet har utarbeida smittevernrutinar og rettleiarar, såkalla bransjestandardar for smittevern, både for barnevernsinstitusjonane og for familievernet. I dag kjem også ein ny smittevernrettleiar for kommunalt barnevern. Bakgrunnen er at den fysiske kontakten mellom dei tilsette i tenestene og barn og familiar har gått kraftig ned i frykt for smitte.
– Eg er glad for at vi har på plass ein ny smittevernrettleiar for kommunalt barnevern. Rettleiaren skal gjere det enklare for tenestene å møte barna og familiane på ein trygg måte og betre kunne hjelpe dei som treng det mest, seier barne- og familieministeren.
Koordineringsgruppe
Koordineringsgruppa vert leia av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, og inneheld representantar frå Folkehelseinstituttet (FHI), Helsedirektoratet (Hdir), Utdanningsdirektoratet (Udir), Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi), Politidirektoratet (POD) og Sekretariatet for konfliktrådene (SfK). I tillegg har Arbeids- og velferdsdirektoratet blitt invitert inn. Gruppa skal rapportere til barne- og familieministeren kvar 14. dag. Dette er den første rapporten.