Ny rapport:
Vilkåra til studiesentera i distrikta må betrast
Pressemelding | Dato: 01.08.2022 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Studiesentera i distriktet rekrutterer og utdannar ei gruppe personar som elles ikkje ville tatt høgare utdanning. − Potensiale for vidare utvikling er stor. Regjeringa vil gjere tilgangen på desentralisert og fleksibel utdanning betre, slik at folk kan ta utdanning der dei bur, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).
Ein ny rapport syner at det finst eit stort potensial for utdanning og kompetanseheving av folk både i og utafor arbeidslivet i distrikta. Mangel på stabil finansiering av studiesentera og låg administrativ kapasitet hindrar utviklinga.
Det er Oxford Research som har laga rapporten på oppdrag frå Kommunal- og distriktsdepartementet.
− Det er svært interessant å sjå at lokale studiesentera har så mykje å seie for utdanninga til mange personar i distrikta. Forfattarane konkluderer at desse lokale utdanningsmiljøa speler ei viktig rolle som samfunnsutviklar lokalt, seier Gjelsvik.
Rapporten konkluderer med at distrikta er lite tent med å ha ein ustabil og sårbar infrastruktur for utdanning. Oxford Research råder derfor til at fylkeskommunane bør forvalte studiesentera og gje dei meir føreseielege rammer enn i dag.
−Regjeringa vil gjere tilgangen på desentralisert og fleksibel utdanning betre. Allereie i år har regjeringa støtta studiesentera med 40 millionar kroner til prosjekt gjennom Direktoratet for Høgare utdanning og kompetanse. I haust vil vi sjå nærare på korleis desse kan spele ei enda viktigare rolle for å styrkje utvikling av kompetanse og arbeidskraft i Distrikts-Noreg, framhevar kommunal- og distriktsministeren.