Nye rekordar for norsk lokalmat- og drikke
Nyheit | Dato: 21.11.2024 | Landbruks- og matdepartementet
Det siste året har omsetninga av norsk lokalmat- og drikke vore på totalt 12,3 milliardar kroner. Veksten gjeld i alle salskanalar og fylke.
Den totale omsetninga for norsk lokalmat- og drikke var på 12,3 milliardar kroner for perioden 2023-2024, med ein auke på 12,2 prosent samanlikna med i fjor.
– Dette er verkeleg flotte tal. Auka etterspurnad etter lokalmat og drikke, trass i høge prisar og økonomisk press, viser at forbrukarane verkeleg ønsker å handla desse produkta, sa landbruks- og matminister Geir Pollestad då salstala for i år blei lagde fram.
- Les rapporten om lokalmattala Lokalmatrapport for 2024.pdf
– Lokalmat har blitt ein viktig del av kvardagen for mange, frå butikkhyller til restaurantbord og direkte frå bonden til forbrukaren. Det har ringverknader i alle fylke og skaper lokale arbeidsplassar, seier direktør Nina Sundqvist i Stiftelsen Norsk Mat.
Lokalprodusert mat og drikke styrker dermed posisjonen sin innan både daglegvarehandelen og storhushaldsmarknaden. Aktørar som Bondens Marked, gardsbutikkar, Reko-ringar ser òg aukande sal.