Ny rettleiar om planlegging av fritidsbustader

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

–Ved god planlegging kan både hytteeigarar og bygdefolk få fordelar av hytteutbygging og det vil kunne gi gode bidrag til utvikling av lokalsamfunn rundt i Noreg for framtida. Rettleiaren gir mange gode råd til kommunar og utbyggarar, og eg håpar han blir til stor nytte, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.

Fritidsbustaden er viktig for mange nordmenn og gir grunnlag for vekst og utvikling i mange distriktskommunar. Utbygging og bruk av fritidsbustadene gir arbeidsplassar innanfor byggenæringa og i handel- og servicenæringa. Men bygging av fritidsbustader kan også føre til press på viktige naturområde, det kan berøre allemannsretten og jakt- og friluftsinteresser, i tillegg kan det føre til auka transport og energiforbruk. Utbygging og bruk av fritidsbustadene kan også gi utfordringar for eksisterande næringar som landbruk og reindrift.

– Mange nyttar fritidsbustaden sin i stor grad, og for ein god del kan det også vere første skritt på vegen mot å vurdere å flytte til ein distriktskommune. Nokon ynskjer fritidsbustad i «hyttelandsbyar» med aktivt sosialt liv, medan for andre er ein av dei store verdiane ved ein fritidsbustad å kunne vere meir for seg sjølv og tett på naturen. Utbygging av fritidsbustader må ta omsyn til begge deler, samtidig som vi ivaretek naturverdiar, friluftsinteresser og legg til rette for god lokal samfunnsutvikling, seier Gjelsvik.

Rettleiaren gir oversikt over nasjonale føringar og omsyn som er viktige for å sikre ei meir berekraftig lokalisering, utbygging og bruk av fritidsbustadene. Han beskriv også korleis omsyna kan takast hand om i kommunale og regionale planar.

 

Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00