Nasjonal transportplan 2022-2033:
Sjøtransporten skal bli meir effektiv, trygg og klima- og miljøvenleg
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 49/21 | Dato: 19.03.2021
- Noreg har ein langstrakt kyst. Her finn ein både arbeidet, reisevegen og matfatet til mange nordmenn. Vi er avhengige av god infrastruktur også til sjøs. Derfor legg vi opp til å bruke til saman rundt 33 milliardar kroner i ny Nasjonal transportplan. Det skal gi effektive hamner og transportkorridorar, samt god beredskap mot akutt forureining, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.
Regjeringa legg opp til ein ambisiøs transportplan også for kysten. Omtrent 90 prosent av godsmengda til og frå utlandet og halvparten av innanriks godstransport går til sjøs. Prognoser viser at aktiviteten i kystsonene vil auke og at det vil bli meir sjøtransport.
– Det er svært positivt at meir av godstransporten går til sjøs. Men auka maritim aktivitet vil også føre med seg utfordringar med framkoma. Det må handterast for å vere trygg på at godstransporten er effektiv og klima- og miljøvenleg, seier Hareide.
Regjeringa skal sørge for at innseglingane er djupe nok og at navigasjonsinfrastrukturen er oppgradert. Det vil også bli lagt til rette for investeringar i hamner og etablering av nye sjøtransporttilbod.
- Det skal vere trygt å ha sjøen som arbeidsplass, og vi skal sørge for å legge til rette for verdiskaping langs heile kysten vår, seier Hareide.
Regjeringa vil støtte opp under fortrinna til sjøtransporten
Dei 33 milliardar kronene som er prioritert til kystføremål i Nasjonal transportplan 2022–2033 blir fordelt slik:
- Drift, vedlikehald, navigasjonsutstyr, sjøtryggleikstenester, digitale tenester og beredskap mot akutt forureining, er det prioritert til saman 17,8 milliardar kroner.
- Tiltak knytt til farvatn, som utbetringar av innseglingar, merking og utdjuping, er det prioritert til saman 12,6 milliardar kroner.
- Tilskotsordningar som er retta mot sjøtransport og hamner, er det prioritert til saman 2,5 milliardar kroner.
Det er viktig at å redusere dei samfunnsmessige ulempene som godstransporten fører med seg, som klimagassutslepp, forureining, ulykker og støy. Regjeringa har derfor framleis ein ambisjon om å flytte gods frå veg til sjø.
- Med Nasjonal transportplan 2022–2033 tek regjeringa viktige grep for å støtte opp under fortrinna til sjøtransporten, og vi legg til rette for at han blir meir effektiv, trygg og klima- og miljøvenleg, seier Hareide.
For meir informasjon, sjå: