Nye lokaltog skal betre togtilbodet på Østfoldbanen
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 159/19 | Dato: 22.11.2019
- Mange lokaltog i Oslo-området er gamle og klare for utskifting. Vi foreslår no å kjøpe 30 nye lokaltog, og dei fleste av desse skal erstatte dei eldste toga på Østfoldbanen. Dei nye lokaltoga kjem til å ha plass til fleire passasjerar og bidra til at toga kjem og går når dei skal, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.
Det er lokaltog av type 69 som i første omgang blir erstatta av dei nye toga. Foto: Heggø/Samferdselsdepartementet
I forslag til endringar i samferdselsbudsjettet for 2019 foreslår Samferdselsdepartementet ei kostnadsramme på 4,2 milliardar kroner til å kjøpe 30 nye lokaltog. Norske tog AS skal gjennomføre kjøpet. I anbodet vil Norske tog AS be om opsjon på kjøp av ytterlegare 170 lokaltog, slik at slik at kontrakten med vinnande togprodusent ved behov kan nyttast til å skaffe lokaltog i lang tid framover.
- Å skaffe nye lokaltog er viktig for å modernisere togtilbodet i Oslo-området, fordi veldig mange reiser med tog til og frå arbeid. Dette er ein del av regjeringas store satsing på jernbane. Vi har auka løyvingane med godt over 80 prosent sidan regjeringsskiftet i 2013. Fleire avgangar, nye tog, betre mobildekning og nye dobbeltspor gir gode resultat, fordi stadig fleire vel å reise med toget, ikkje minst i hovudstadsområdet, seier samferdselsministeren.
Større kapasitet naudsynt for å møte forventa passasjerauke
Det er lokaltoga av typen 69 som kjem til å bli erstatta i første omgang. Desse toga er gamle og trafikkerer i dag strekninga Skøyen-Ski på Østfoldbanen. Dagens tog har plass til om lag 570 passasjerar per togsett, medan dei nye toga vil ha ein kapasitet på opp mot 850 personar.
Kapasitetsauken er naudsynt for å møte den forventa auken i talet på reiser. I tillegg vil dei nye toga vere meir driftssikre, noko som er viktig for at toga faktisk går når dei skal.
Nye tog i trafikk frå desember 2023
Norske tog AS har planlagt å sende ut konkurransegrunnlag for kjøp tidleg i 2020. Kontrakt er planlagt inngått rundt årsskiftet 2020/2021.
Dei første togsetta kan bli sette i drift frå desember 2023. Lokaltoga i Oslo-området vil bli fasa inn i løpet av 2024. Deretter vil dei siste fem togsetta bli leverte for bruk på andre strekningar.
For fleire opplysningar – sjå:
- 23 S (2019–2020) Proposisjon til Stortinget (forslag til stortingsvedtak) Endringar i statsbudsjettet 2019 under Samferdselsdepartementet
- Pressemelding av 7. oktober om forslag til statsbudsjett for 2020 – mellom om anna om tiltak på kort sikt for eit betre togtilbod på Østfoldbanen