Ny stortingsmelding: Skilnadane i byane skal ned

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

I enkelte byar og andre befolkningstette område bur mange familiar med låg inntekt i tronge og dyre utleigebustader med korte husleigekontraktar. Det er få møteplassar for barn og unge og mange har ikkje råd til å delta på fritidsaktivitetar. Regjeringa legg derfor i dag fram ei stortingsmelding med fleire tiltak for å gje folk i utsette område større moglegheiter.

I stortingsmeldinga «Gode bysamfunn med små skilnader» peiker regjeringa til dømes på korleis fleire skal få moglegheit til å kjøpe sin eigen bustad, korleis staten kan bidra til å opprette fleire fellesarenaer og styrke tenestene i levekårsutsette område.

– Ein del av byane og andre befolkningstette område har utfordringar vi må tak i. Folk skal kunne bu, arbeide og leve gode liv i heile landet. Vi treng alle lokalsamfunn som er gode å vekse opp i, med gode fellesarenaer og tilbod i nabolaget. Å eige sin eigen bustad må bli mogleg for fleire, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

I nokre byområde er det mange med låginntekt og der folk ikkje har ein stabil busituasjon. Det er sosiale helseskilnader og mange opplever å stå utanfor arbeidslivet, lokalsamfunnet og fritidstilbodet for barn og unge. I enkelte område har mange innbyggjarar samansette utfordringar, noko som kan gi krevjande oppvekst-, bu- og nærmiljø.

– Alle som veks opp i levekårsutsette område skal ha like moglegheiter til å leve gode liv og utvikle seg. Utdanningssystemet skal i større grad enn i dag medverke til å redusere skilnader mellom grupper og auka sjansane til den enkelte. Like mogelegheiter er ein føresetnad for eit høgtillitssamfunn som Noreg, seier kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap).

For å få ned forskjellane vil regjeringa mellom anna:

  • gjere det mogleg for fleire å eige sin eigen bustad, mellom anna ved å stimulere til fleire løysingar som gir førstegongsetablerarar ein enklare veg inn på bustadmarknaden.
  • bidra til ein meir velfungerande leigemarknad og sikre rettighetane til leigetakarar på ein betre måte.
  • vurdere lovendringar for å leggje til rette for fleire bustader med bustadkjøpsmodellar.
  • foreslå å gi kommunane fleire verktøy i plan- og bygningslova for å leggje til rette for ein variert bustadsamansetning i ulike område.
  • styrkje omsynet til sosial berekraft i samfunns- og arealplanlegginga, gjennom mellom anna å utvikle eigna verktøy og oppdatert rettleiing.
  • bidra til å leggje til rette for nok og varierte møte­plassar, anlegg til kultur, idrett og andre felles­arenaer
  • gjennomføre eit løft i satsinga på unge som står utanfor arbeid og utdanning ved å innføre ein ny ungdomsgaranti i 2023.
  • helde fram med å ha maksimalprisen i barnehagen på eit lågt nivå og vurdere moderasjonsordningane som gjeld barnehage.
  • arbeide for at det skal være mogleg for alle barn og unge å delta jamleg i minst éin organisert fritidsaktivitet saman med andre.
  • revidere straffereaksjonane for ungdom for at dei skal hjelpe barn og unge tilbake til eit liv utan kriminalitet.
  • vidareføre arbeidet med områdesatsingar i levekårsutsette område og utvide ordninga til å gjelde mindre byar.

– For regjeringa er områdesatsingane i levekårsutsette område eit viktig tiltak for å betre bu- og nærmiljøa og tenestetilbodet i byane der dei treng det mest. Mindre byar og andre befolkningstette område opplever òg utfordringar med utanforskap, sosiale forskjellar og barnefattigdom. Regjeringa har tidlegare varsla at vi vil inngå avtalar med Fredrikstad, Sarpsborg og Kristiansand om områdesatsingar, seier Gjelsvik.