Ny styreleiar i Enova
Nyhet | Dato: 12.06.2024 | Klima- og miljødepartementet
Linda Litlekalsøy Aase er valt til ny styreleiar i Enova. I tillegg er Lars Jacob Tynes Pedersen valt inn som nytt styremedlem.
Linda Litlekalsøy Aase har vore styremedlem sidan 2017 og tek over vervet som styreleiar etter Tore Holm. Aase er utdanna sivilingeniør og har bakgrunn frå norsk og internasjonal landbasert industri, olje- og gassverksemd og oppdrettsnæringa. Ho er i dag konsernsjef i Bremnes Seashore.
Lars Jacob Tynes Pedersen er utdanna siviløkonom. Han er i dag professor ved Noregs handelshøgskole, der han leier Centre for Sustainable Business. Pedersen forskar mellom anna på berekraftige forretningsmodellar og grøn åtferdsendring.
Endringane skjedde på føretaksmøtet i Enova 11. juni 2024.
Enova-styret består etter dette av følgjande:
Leiar: Linda Litlekalsøy Aase
Nestleiar: Arne Fosen
Styremedlem: Eirik Gaard Kristiansen
Styremedlem: Wenche Teigland
Styremedlem: Lars Jacob Tynes Pedersen
Ansattvalgt styremedlem: Heidi Bull-Berg
Ansattvalgt styremedlem: Jo Kristian Stræte Røttereng