Ny tilskotsordning for å styrkje ukrainsk sivilt samfunn
Pressemelding | Dato: 19.04.2024 | Utanriksdepartementet
Sivilsamfunnet i Ukraina speler ei sentral rolle i å samle landet og byggje motstandskraft mot Russland sin angrepskrig. Noreg lanserer no ei ny søknadsbasert ordning for å støtte arbeidet deira og set av 70 millionar kroner.
– Det er heilt avgjerande å bevare og støtte opp om ukrainske institusjonar og organisasjonar for at Ukraina skal lykkast i motstandskampen mot Russland, i gjenoppbygginga av landet, i arbeidet med viktige reformer og i kamp mot korrupsjon, seier utanriksminister Espen Barth Eide.
Ukraina har mange og veletablerte organisasjonar, særleg innanfor menneskerettar, demokrati, anti-korrupsjon og humanitærhjelp.
– Noreg vil støtte den viktige rolla sivilsamfunnsorganisasjonane speler i Ukraina sin kamp for fridom og demokrati. I første omgang blir det sett av 70 millionar kroner til ordninga, seier utanriksministeren.
Den nye tilskotsordninga skal styrkje ukrainsk sivilsamfunn og bidra til inkludering og openheit i gjenoppbygging og demokratisk reformarbeid. Dei ukrainske organisasjonane har ei viktig rolle i samfunnet, både som tenesteleverandør og som talerøyr for marginaliserte grupper.
Nansen-programmet skal bidra til eit velfungerande, demokratisk og trygt Ukraina. Denne tilskotsordninga byggjer på hovudformålet med Nansen-programmet, som er at Ukraina skal bestemme over eiga framtid.
Noregs bidrag støttar òg opp om Ukraina sine ambisjonar om europeisk integrasjon og EU-medlemskap. Å styrkje dei demokratiske institusjonane, rettsstaten og sivilt samfunn er avgjerande for at Ukraina skal nå måla sine.
Ukrainsk sivilt samfunn har vore ein kritisk pådrivar for demokratiske reformer dei siste 25 åra. Sivilt samfunn har mellom anna mobilisert og samla folk til protestar mot korrupsjon.
– Dette har bidrege til at ukrainske styresmakters har ført ein meir open og inkluderande politikk. Sivilt samfunn har òg drive fram reformprosessar og gode tenester til innbyggjarane. Dei speler inn til politiske løysingar. Dette er arbeid vi ønskjer å støtte, seier Eide.
Eksisterande støtteordningar for sivilt samfunn går i stor grad til nokre få profesjonelle organisasjonar i hovudstaden eller andre urbane strøk. Det kjem mellom anna av det høge kravet givarane har til rapportering og andre forvaltingskrav.
– Det er derfor eit stort behov for å nå lokale organisasjonar utanfor storbyane, og grupper som av ulike grunnar er marginaliserte i samfunnet i dag, seier utanriksministeren.
I første omgang søkjer Noreg derfor etter breie nettverksorganisasjonar eller konsortium med opptil tre slike organisasjonar. Søkjarar må å ha tidlegare erfaring frå vidareformidling av mindre tilskot til lokale ukrainske organisasjonar.
– Slik håpar vi å bidra til å løfte fram og styrkje lokale organisasjonar, samtidig som vi tilfredsstiller krav til forvaltning og kontroll, seier Eide.
Internasjonale, ukrainske, norske eller andre utanlandske nettverksorganisasjonar kan søkje åleine eller som ein del av eit samarbeid. Lokale ukrainske organisasjonar, til dømes ikkje-statlege organisasjonar, interessegruppeorganisasjonar (som kvinneorganisasjonar), fagrørsle, religiøse organisasjonar, uavhengige medieorganisasjonar, og liknande, kan vere samarbeidspartnarar.
Støtteordninga vil ikkje inkludere humanitær innsats, støtte til militæret, privat næringsliv eller FN-organisasjonar.
Støtteperioden er frå 2024 til og med 2027. Utlysinga blir annonsert på norad.no 19. april med søknadsfrist 19. juni 2024.