Ny UNESCO-kommisjon i Noreg

Kunnskapsdepartementet har oppnemnt ein ny UNESCO-kommisjon for perioden 2025-2028. Kyrre Lekve er ny leiar.

Kyrre Lekve er direktør for Institutt for Samfunnsforskning, og styreleiar ved Høyskolen Kristiania. Lekve har ei doktorgrad i biologi frå Universitetet i Oslo. Lekve har tidlegare vore viseadministrerande direktør ved IT-forskingsinstituttet Simula Research Laboratory (2015-2023), samt fungerande administrerande direktør i ein periode. Han har lang leiarerfaring frå kunnskapssektoren og instituttsektoren, blant anna som statssekretær i Kunnskapsdepartementet og som assisterande direktør ved NIFU.  

Den norske UNESCO-kommisjonen skal vere rådgivar for norske myndigheiter og bindeledd mellom sivilsamfunnet, ulike fagmiljø og regjeringa. Kommisjonen spelar ei sentral rolle i å synliggjere UNESCO i Noreg. Den nye kommisjonen har ti medlemmer med bakgrunn frå ulike fagmiljø og sivil sektor, og er oppnemnd frå 2025-2028. Samansetninga av kommisjonen har tatt omsyn til geografisk spreiing og reflekterer UNESCO sine fire ansvarsområder: utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon. 

UNESCO er den einaste FN-organisasjonen som har konstitusjonsfesta at medlemslanda skal ha ein nasjonalkommisjon. Kommisjonen er uavhengigfor kommisjonen er plassert i Kunnskapsdepartementet. Den norske UNESCO-kommisjonen vert oppnemnd av Kunnskapsdepartementet.  

–  UNESCO-miljøa i Noreg arbeider hardt for å sikre at våre naturlege og kulturelle ressursar ikkje berre blir bevart, men også at dei blir forstått og verdsatt. Kommisjonen er viktige ambassadørar for UNESCO sitt arbeid og verdiar, som er minst like viktig i dag som då organisasjonen vart oppretta. Eg er takksam for at Kyrre Lekve vil ta på seg leiarvervet, og er trygg på at han og heile kommisjonen vil gjere ein god jobb og fremje UNESCO sine verdiar i Noreg og internasjonalt. Eg ser fram til kommisjonen sine initiativ og rådgjeving, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun. 

Kommisjonen har ei viktig rolle i å synleggjere UNESCO i Noreg. Eitt av verkemidla er tilskotsordninga til kommisjonen som gir økonomisk støtte til UNESCO-relaterte prosjekt i heile Noreg. Ramma for tilskotsordninga til kommisjonen er på omtrent 4,3 millionar kroner. I 2024 fekk til saman 34 tiltak eller organisasjonar støtte til prosjekt som omhandlar ytringsfridom og pressefridom, berekraftig utvikling, immateriell kulturarv, verdsarv og dokumentarv eller demokratiutvikling. Ny utlysing blir gjort offentleg på regjeringa.no og unesco.no etter årsskiftet. Ein kan lese meir om UNESCO i Noreg på UNESCO-kommisjonen si nettside.  

– Eg er glad og takksam over å få leie UNESCO-kommisjonen sitt arbeid akkurat i den tida vi lever i no. Det er svært meningsfullt å arbeide for utdanning, vitskap, kommunikasjon og kultur i ei uroleg verd. Skal vi lukkast med å nå FN sine berekraftsmål, er eit velfungerande, globalt samspel innanfor UNESCO sine ansvarsområder heilt avgjerande. Eg ser fram til å arbeide saman med dyktige kommisjonsmedlemer med ulik og unik kompetanse for å skape et godt samarbeid med norske myndigheiter og sentrale aktørar frå det sivile samfunn, seier nyvald leiar Kyrre Lekve. 

I 2025 feirar UNESCO sitt 80-års jubileum. Den norske UNESCO-kommisjonen har sidan 1946 vore eit aktivt organ som fremjer UNESCO sine mål om å skape fred, tryggleik, og bekjempe fattigdom gjennom samarbeid om dei fire pilarane. Noreg stiller til val for ein plass i UNESCO sitt styre for perioden 2025-2029, og stiller som nordisk kandidat på vegne av våre nordiske naboland. Som eit stiftande medlem av Dei Sameinte Nasjonane (FN) arbeider Noreg for å støtte opp om multilateralt samarbeid og er forplikta til å implementere 2030- agendaen med berekraftsmåla.

Den norske UNESCO-kommisjonen 2025-2028 

Kyrre Lekve 

Kyrre Lekve (fødd 11. mars 1968) er direktør for Institutt for Samfunnsforsking. Lekve har doktorgrad i biologi frå Universitetet i Oslo. Han har vore politisk rådgivar og statssekretær for forsking og høgare utdanning i Kunnskapsdepartementet 2007-2012. Lekve er styreleiar for Høyskolen Kristiania.  

Inger Måren 

Inger Måren er professor i anvend økologi og UNESCO Chair for Bærekraftig Arv og Miljøforvaltning ved Universitetet i Bergen. Innanfor arbeidet til UNESCO-kommisjonen er Måren spesielt opptatt av den sentrale rolla som utdanning og forsking har i samfunnet, og spesielt inn mot UNESCOs Man and the Biosphere (MAB) program og tilhøyrande Biosfæreområder. 

Odd Sletten 

Odd Sletten er verdsarvkoordinator for Røros bergstad og Circumferensen. Han har tidlegare vore direktør for Rørosmuseet. Sletten har også vore styreleiar for organisasjonen til dei norske verdsarvstadene, Noregs Verdensarv, og er direktør for det nordiske verdsarvsamarbeidet, Nordic World Heritage Association. 

Geir Huse 

Geir Huse er utdanna fiskeribiolog og jobbar som forskingsdirektør på Havforskingsinstituttet med ansvar for Marine Økosystem og Ressurser og driv med rådgiving for norske styresmakter og forsking innan dette fagfeltet. Huse er norsk delegat i det internasjonale havforskingsrådet og sit også i Porteføljestyret for mat og bioressursar i Noregs forskingsråd og i styret for Seilskipet Statsraad Lehmkuhl. Huse er fødd 11 juni 1969 og bur i Bergen.  

Lill Tove Fredriksen 

Lill Tove Fredriksen er førsteamanuensis i samisk litteratur ved UiT Norgga árktalaš universitehta/UiT Noregs arktiske universitet, og er leiar for Porteføljestyre for samisk samfunn og kultur. Fredriksens akademiske virke, og ein stor del av hennar eige levde liv, krinsar rundt samisk språk og litteratur, urfolkskunnskap og dei romma der språket lever og uttrykkjer seg. Desse romma finn vi i den skriftlege litteraturen, i joiken og i songen, som berarar av refleksjonar, forteljingar og levd erfaring. Gjennom desse uttrykksformene forstår vi korleis pulsen til språket slår i samisk kultur. 

Stian Olsen 

Stian Olsen er utdanna lektor med mastergrader i historie og leiing, og jobbar no som skule- og utviklingssjef i FN-sambandet. I tillegg til å vere ansvarleg for aktivitetane til FN-sambandet i skuleverket, er Olsen også nasjonal koordinator for ASPnet og UNESCO-skulane. Tidlegare har Olsen jobba 11 år i skuleverket som lærar og skuleleiar, med erfaring frå ulike skular i Osloområdet.  

Sofie Persdatter Sangnæs 

Sofie P. Sangnæs (f. 1997) har bakgrunn frå barne- og ungdomsfrivilligheita gjennom engasjementet sitt i Noregs Bygdeungdomslag og som styremedlem i Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU). Ho var ein av representantane i Ungdommens distriktspanel som la fram råd om distriktspolitikken i framtida til regjeringa i 2021. Sangnæs har ei mastergrad i bioteknologi og jobbar til dagleg som overingeniør ved NMBU Veterinærhøgskolen.  

Sylo Taraku 

Sylo Taraku er forfattar og rådgivar i Tankesmien Agenda, med bakgrunn som statsvitar frå Universitetet i Bergen. Han har brei erfaring frå mellom anna Den norske Helsingforskomiteen, NOAS og Utlendingsdirektoratet. I tillegg har han vore medlem av Pressens Faglige Utvalg (PFU) og delteke i fleire offentlege utval. Taraku sit også i styret til Stiftinga Fritt Ord.  

Ammal Haj Mohamed 

Ammal Ahmed Haj Mohamed har ein BA i Politikk og internasjonale relasjonar, og har studert Nordisk språk og litteratur. Ho er prosjektleiar i Norsk PEN og jobbar særleg med ytringsfridom opp mot unge stemmer. Tidlegare jobba ho som rådgivar i Integrering og Mangfoldsdirektoratet, og har leia satsingsområdet for mangfald, inkludering og tilhøyrsel på Sentralen kulturarena. Mohamed er tidlegare leiar av Norsk Folkehjelp Solidaritetsungdom. Ho er styremedlem i Norsk Folkehjelp, Framtiden i våre hender og Det Norske Kammerorkesteret.  

Aslak Berntsen Husby 

Aslak Berntsen Husby (fødd 24. april 2002) har vore leiar av Elevorganisasjonen (2022/23). Han har hatt eit mangeårig engasjement for norsk skulepolitikk og elevars rettar. Husby studerer no som kadett på Krigsskolen i Oslo.