Ny universitets- og høgskulelov trer i kraft

I dag får nær 300 000 studentar og 43 000 tilsette ved universitet og høgskular ei ny og oppdatert lov. Målet er eit meir forståeleg og tilgjengeleg regelverk for brukarane, med endringar i ein rekke reglar.

– Eg er glad for den nye universitets- og høgskulelova som Stortinget vedtok i mars. Me styrker vernet av akademisk fridom, og me får mellom anna nye og betre reglar for eksamenssensur, fusk, midlertidige stillingar og nedlegging av studiestader, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp).

Alle universitet og høgskular i Noreg er regulerte av universitets- og høgskulelova. Det er omtrent 20 år sidan det blei gjort ein heilskapleg vurdering av denne, og sidan den gong har lova blitt endra ei rekke gonger.

Her er nokre av dei viktigaste endringane:

Nedlegging av studiestader er ei politisk avgjerd

Fram til i dag har det vore universiteta og høgskulane sjølve som avgjer om dei vil legge ned studiestader. No er myndigheta til å vedta nedlegging lagt til Kongen i statsråd.

– Ei nedlegging av ein studiestad kan få mykje å seie for både arbeidsplassar og befolkninga i området. Det er eit politisk ansvar å sikre at heile landet får kompetansen dei treng. Då må også nedlegging av studiestader vere ei politisk avgjerd, seier Hoel.

Styrket vern om akademisk ytringsfridom

I 2022 kom utgreiinga frå utvalet som hadde sett på vilkåra for akademisk ytringsfridom i Noreg. Kierulf-utvalet peika på fleire moglege truslar ovanfrå, nedanfrå, innanfrå og utanfrå akademia, og slo fast at kvar for seg og samla utgjer desse truslane mot søking etter sanning og akademisk ytringsfridom ei stor samfunnsutfordring. Regjeringa har følgt opp utvalet, med fleire presiseringar i den nye lova.

Strammar inn reglane for midlertidige tilsettingar

Bruken av midlertidige stillingar i universitets- og høgskulesektoren er høgare enn i norsk arbeidsliv elles. Tal frå SSB viser at i 2022 var 8,3 prosent av den samla arbeidsstyrken i landet midlertidig tilsette, medan 11,1 prosent av dei tilsette ved universitet og høgskular var midlertidig tilsett. Midlertidigheita er aller høgast i undervisnings- og forskingsstillingane.

Den nye universitets- og høgskulelova opnar ikkje for midlertidigheit i tilfelle der kompetansebehovet til institusjonen er varig. Då skal det tilsetjast fast. I tillegg kjem føringar for når det skal vere lov å tilsette midlertidig eller på åremål, for å hindre unødig midlertidigheit i universitets- og høgskulesektoren.

Tydelegare reglar for fusk

For å legge til rette for ein meir nyansert praksis i fuskesaker, kjem det nye avklaringar og føringar om fusk. Mellom anna ei meir nyansert tilnærming til såkalla «sjølvplagiat», altså gjenbruk av eige arbeid. Gjenbruk av upublisert arbeid, og arbeid som ikkje har gitt utteljing, skal framover ikkje reknast som fusk.

– Fusk er framleis ikkje lov, og det er viktig med gode og tydelege reglar og rettleiing om dette ved universiteta og høgskulane. Kva som kan reknast som fusk vil også stadig kunne endre seg med ny teknologi. Det er derfor viktig at sektoren i større grad enn i dag samarbeider om å utvikle ei felles forståing og praksis, seier Hoel.

Nye reglar om når det skal være to sensorar ved eksamen

Tidlegare var det krav om at det skal være to sensorar ved alle eksamenar, der karakterskalaen A til F blei brukt. Det var stor motstand blant universiteta og høgskulane mot kravet om to sensorar ved alle eksamenar, som blei foreslått av Solberg-regjeringa og vedtatt i 2021. Kritikken har mellom anna gått på at det vil bli ressurskrevjande og vanskeleg å gjennomføre i praksis.

Derfor utsette regjeringa iverksettinga. Kravet om to sensorar på dei eksamenane som betyr mest for studentane blir behaldt, men fjernes for mindre eksamenar.

Gode ordningar for sensur er viktige for både studentar og samfunn. Dersom fleire sensorar er saman om sensuren, kan sjansane auke for at det blir gitt like og korrekte karakterar. Endringen inneber at det framleis vil vere krav om to sensorar i vurderingssituasjonar som har mykje å seie for studentane, samtidig som regelen blir meir gjennomførleg i praksis.

Styrkar norsk fagspråk

Dei siste åra har stadig meir undervisning og forsking ved universitet og høgskular gått føre seg på engelsk. Regjeringa vil at norsk framleis skal vere eit fullverdig og samfunnsberande språk i Noreg. Derfor slår den nye lova fast at undervisningsspråket i høgare utdanning i Noreg er norsk eller samisk, og at unntak frå dette kravet må ha ei tydeleg fagleg grunngiving.

– Vi tek heilt naudsynte grep for å bevare norsk som fagspråk og for å hindre at engelsk vert hovudspråket i norsk høgare utdanning. Utviklinga har gått feil veg i lang tid, så her trengs det eit krafttak, seier Hoel.