Statsbudsjett 2025
Ny utlysing i Grøn plattform
Pressemelding | Dato: 07.10.2024 | Nærings- og fiskeridepartementet
I statsbudsjettet for 2025 vil regjeringa føra vidare Grøn plattform og leggja til rette for ei utlysing på 823,5 millionar kroner til nye, treårige prosjekt i perioden 2025-2027.
– Grøn plattform er ei ordning for store, ambisiøse forskings- og innovasjonsprosjekt, og er eit viktig tiltak for å sikra lønsam og berekraftig grøn omstilling. Regjeringa ynskjer med dette å utløysa fleire og raskare investeringar frå bedriftene i grøne, berekraftige løysingar og produkt. Dette vil styrkja norsk verdiskaping og eksport og gjera oss i stand til å gjennomføre naudsynt grøn omstilling og skapa grøn vekst, seier næringsminister Cecilie Myrseth.
Om Grøn plattform
Grøn plattform er ei ordning som gir bedrifter og forskingsinstitutt midlar til grøn omstilling frå forsking og innovasjon. I denne ordninga jobbar næringsliv, ulike forskingsinstitusjonar, offentlege aktørar og katapultsentre saman for å realisera store grøne prosjekt. Slike prosjekt kan bidra til at Noreg lukkast med omstillinga av økonomi og næringsstruktur.
Grøn plattform er finansiert av Nærings- og fiskeridepartementet gjennom eit felles oppdrag til Forskingsrådet, Innovasjon Noreg og Siva. Verkemiddelaktørane samarbeider òg med Enova om ordninga.
Grøn plattform
- Regjeringa legg til rette for ei utlysing på 823,5 millionar kroner til nye, treårige prosjekt i Grøn plattform i perioden 2025-2027.
- Av dette skal Forskingsrådet og Innovasjon Noreg forvalta 379,5 mill. kroner kvar, medan Siva forvaltar 64,5 mill. kroner.
- Grøn plattform er ei ordning for store, ambisiøse forskings- og innovasjonsprosjekt, og er eit viktig tiltak for å sikra lønsam og berekraftig grøn omstilling.
- Gjennom Grøn plattform ynskjer regjeringa å utløysa meir og raskare investeringar frå bedriftene i grøne, berekraftige løysingar og produkt.
- I Grøn plattform ser ein heile løpet frå forsking til kommersialisering og marknadsintroduksjon i samanheng og på tvers av dei involverte verkemiddelaktørane (Innovasjon Noreg, Noregs forskingsråd og Siva, i samarbeid med Enova)
- Grøn plattform byggjer på etablerte ordningar med veldefinerte kriterium for støtte.
- Det er etablert ein felles brukarfront og nettside for søkjarar til Grøn plattform (Grønn plattform (forskningsradet.no).
- Ordninga rettar seg mot grøne prosjekt innanfor alle tematiske område.