Statsbudsjett 2019:
Nybygg for Saemien Sijte i Snåsa i 2019
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Nr: 70/18 | Dato: 08.10.2018
Regjeringa foreslår startløyving på 6 millionar kroner til bygging av nytt museumsbygg for Saemien Sijte i 2019.
– Nybygg for Saemien Sijte er ei viktig sak for meg og for regjeringa, seier kultuminister Trine Skei Grande.
– Då vi tidlegare i år drøfta kva for saker denne regjeringa skulle løfte fram i Jeløyerklæringa, var Saemien Sijte eit prosjekt vi var samde om å prioritere. Det har vore arbeidd i mange år no for å finne ei god løysing for Saemien Sijte. Eg er glad for å kunne gjere framlegg om startløyving til eit godt museumsprosjekt, som både Saemien Sijte og Sametinget har slutta seg til. Med det nye museumsbygget vil Saemien Sijte få heilt nye rammevilkår for arbeidet med å forvalte og formidle sørsamisk historie, kultur og kulturarv, seier kulturminister Skei Grande.
Regjeringa gjer framlegg om startløyving på 6 millionar kroner til prosjektet i 2019 over Kommunal- og moderniseringsdepartementets budsjettkapittel 2445 Statsbygg, post 31 Igangsetting av ordinære prosjekter. Det vil vere Statsbygg som er byggherre for prosjektet. Kostnadsramma for nytt museumsbygg for Saemien Sijte er sett til 115,3 millionar kroner. Det er venta at bygget kan bli ferdig i andre halvår 2021.