Nye anbefalingar: Slik meiner vanlege folk at nordmenn kan kutte overforbruk
Pressemelding | Dato: 14.02.2025 | Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet, Klima- og miljødepartementet
Slutt på 3 for 2-tilbod og pant på klede kan få ned overforbruket vårt, meiner eit nasjonalt folkepanel.

– Folkepanelet har gjort ein solid jobb, og gir oss i dag mange spanande råd til korleis dei meiner vi kan ta Noreg i ei meir berekraftig retning. Eg er glad for at dei ber oss politikarar ta grep for å få ned overforbruket, og dette er råd vi no vil gå nøye igjennom og vurdere i stortingsmelding om berekraftsarbeidet i Noreg, seier digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung.
Vi forbruker langt meir enn det jorda vår tåler. Det siste halvåret har 54 personar frå heile Noreg møttest for å diskutere kva vi som samfunn kan gjere for å redusere overforbruket vårt. I dag leverer dei sine anbefalingar til digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung og klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
Blant forslaga dei legg fram er mellom anna strengare reglar for marknadsføring av tilbod som oppmodar til unaudsynte kjøp og overforbruk, panteordning på produkt som klede, sko, kvitevarer, og at regjeringa opprettar eit utval som kan utarbeide berekraftsråd over same lest som kosthaldsråda. Les råda til Folkepanelet her (PDF).
– Vi må slutte å sløse med ressursane våre. Det ville krevd 3,2 jordklodar om alle skulle levd som oss nordmenn. Skal vi nå klimamåla våre og ta vare på naturen er det heilt avgjerande at vi går bort frå ein bruk-og-kast kultur og lever på ein meir berekraftig måte. Anbefalingane frå folkepanelet gir oss konkrete eksemplar på korleis vi kan redusere forbruket vårt og bruke produkta vi kjøper lenger, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
Det nasjonale folkepanelet om berekraftig forbruk består av 54 vanlege og tilfeldig utvalde folk frå heile Noreg. Dei speglar befolkninga når det gjelder kjønn, alder, geografi og utdanningsnivå. Gjennom hausten og vinteren har panelet møttest for å utarbeide forslag til korleis vi i Noreg kan redusere overforbruket av varer, og samtidig leve gode liv. Råda vil bli ein del av den kommande stortingsmeldinga om berekraftsarbeidet i Noreg.
OECD sine anbefalingar for innbyggjarinvolvering og folkepaneler ligger til grunn for arbeidet. Selskapa SoCentral og We Do Democracy har stått for gjennomføringa.