Nye dommarar i Høgsterett
Pressemelding | Nr: 125 – 2024 | Dato: 20.12.2024 | Justis- og beredskapsdepartementet
Lagdommar Thomas Christian Poulsen og lagmann Tonje Vang er i statsråd i dag utnemnt til nye dommarar i Noregs Høgsterett.
– Både Poulsen og Vang har lang og brei yrkeserfaring, mellom anna frå domstolane, og dei har begge utmerkt seg som svært dyktige og fagleg sterke juristar. Eg er sikker på at mellom anna Poulsens spisskompetanse innan EØS-rett og Vangs erfaring frå arbeid som advokat i industrikonsern vil vere positive bidrag til Høgsteretts viktige arbeid, seier justis- og beredskapsminister Emilie Mehl (Sp).
Poulsen (fødd 1979) vart lagdommar i Borgarting lagmannsrett i 2014. Før det har han erfaring som utgreiar i både Noregs Høgsterett og EFTA-domstolen.
Vang (fødd 1973) vart lagdommar i Borgarting lagmannsrett i 2011, og har sidan 2017 vore lagmann. Frå tidlegare har ho erfaring som dommarfullmektig, utgreiar i Noregs Høgsterett og advokat.
Embeta som Poulsen og Vang er utnemnde til, er ledige fordi høgsterettsdommarane Hilde Indreberg og Wilhelm Matheson går av med pensjon. Dei fråtrer i høvesvis april og mai 2025.
Høgsterett er den øvste domstolen i landet. Hovudoppgåva til domstolen er gjennom avgjerdene sine å bidra til rettsavklaring og rettsutvikling innanfor dei rammene som følgjer av Grunnlova, lov og Noregs folkerettslege forpliktingar. Høgsterett er leia av justitiarius Toril Marie Øie, og har i tillegg 19 dommarar.