Presseinvitasjon
Nye forslag til skogtiltak
Nyheit | Dato: 21.09.2023 | Klima- og miljødepartementet, Landbruks- og matdepartementet
Regjeringa skal etablere ein meny av ulike tiltak som bidreg til å halde oppe eit mangfald av økosystem i god økologisk tilstand. Økosystemet skog er først ut, og nye innspel til tiltak vil presenterast fredag 29. september.
Aktuelle direktorat har fått i oppdrag av klima- og miljødepartementet og landbruks- og matdepartementet å gjere rede for korleis vi kan halde oppe eller betre den økologiske tilstanden i skogen. Svaret til direktorata vil presenterast og overrekkjast fredag 29. september. Aktuelle aktørar/organisasjonar er også inviterte til å komme med sine syn på relevante tiltak.
Arbeidet er ei oppfølging av Hurdalsplattforma som seier at regjeringa vil «etablere ein meny av ulike tiltak som bidreg til å halde oppe eit mangfald av økosystem i god økologisk tilstand».
- Skogen speler ei avgjerande rolle for naturmangfaldet i Noreg. Skogen er heimen til mykje sårbar natur, som vi er heilt avhengige av, og som vi må ta godt vare på. Regjeringa vil utvikle det vi kallar ein meny av tiltak som skal bidra til at økosystema i norsk natur er i god tilstand, og vi har valt å starte med tiltak som skal betre tilstanden i skog. Eg ser fram til å ta imot dei nye innspela frå direktorata, seier klima- og miljøminister Espen Barth Eide.
- Skogen er viktig for oss – både som ressurs for verdiskaping og arbeidsplassar, for naturopplevingar og som leveområde for naturmangfaldet. Derfor er det viktig at me kan halda oppe verdiane av skogen for alle desse formåla, og me ser fram til å delta i behandlinga av rapporten, seier landbruks- og matminister Geir Pollestad.
Regjeringa vil etter ei vurdering av fordelar og ulemper for samfunnet ta endeleg stilling til kva tiltak som skal gjennomførast.
Program:
- Presentasjon av svara direktorata har gjeve på oppdraget om å greie ut korleis vi kan halde oppe eller betre den økologiske tilstanden i skogen. Ved Miljødirektoratet og Landbruksdirektoratet.
- Overrekking av direktoratas svar til klima- og miljøminister Espen Barth Eide og landbruks- og matminister Geir Pollestad.
- Innspel frå aktuelle aktørar/organisasjonar.
- Avslutning ved klima- og miljøminister Espen Barth Eide.
Sendinga blir strøyma av Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS) og kan følgjast direkte på denne sida. Her kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer publiseringspunkt til media som vil sende arrangementet direkte. DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.
Presse som ønskjer å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider finn embed-kode ved å trykkje «Del video»-knappen i videospelaren på sida
Tid: Fredag 29. september klokken 12.00-13.30.
Sted: Marmorhallen i Klima- og miljødepartementet sine lokale, Kongens gate 20, Oslo.