Nye namn til Oljedirektoratet og Petroleumstilsynet

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

1. januar 2024 endrar Oljedirektoratet namn til Sokkeldirektoratet og Petroleumstilsynet endrar namn til Havindustritilsynet. Målet med namneendringane er at direktoratet og tilsynet skal ha namn som i større grad signaliserer det breie ansvarsområdet dei har, og som reflekterer og anerkjenner dei viktige oppgåvene dei har i utviklinga av nye næringar på norsk kontinentalsokkel.

Vedtaka om namneendringane vart gjort av Kongen i statsråd 15. september 2023.

Det engelske namnet til Sokkeldirektoratet blir Norwegian Offshore Directorate. Det engelske namnet til Havindustritilsynet blir Norwegian Ocean Industry Authority.

Lenkjer:

Brev til Oljedirektoratet om namneendringa

Brev til Petroleumstilsynet om namneendringa