Nye nasjonale forventningar til planlegginga

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Regjeringa legg no fram nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging som skal gjelde til 2027. Regjeringa legg vekt på at planlegginga skal byggje opp under berekraftsmåla, dei nasjonale klima- og miljømåla, lokalt folkestyre og moglegheitene for verdiskaping og busetting i heile landet.

- Regjeringa vil legge til rette for busetjing, næringsutvikling og eit godt tenestetilbod i bygd og by i heile landet. Særleg i område der folketalet går ned eller står stille, må det vere betydeleg større vekt på dei lokale vurderingane og prioriteringane,seier kommual- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging 2023–2027 er vedteke ved kongeleg resolusjon 20. juni. Dokumentet skal etter plan- og bygningslova leggjast fram kvart fjerde år, i forkant av at nye fylkesting og kommunestyre utarbeider nye regionale og kommunale planstrategiar.

– Dette dokumentet gir kommunane og fylkeskommunane oversikt over dei viktigaste føringane frå staten. Målet vårt er at det skal bidra til effektive planprosessar og færre motsegner, seier Gjelsvik.

For å få til ei samfunnsutvikling i samsvar med regjeringa sin politikk, er det i forventningane mellom anna lagt vekt på at planlegginga skal bidra til ei grøn omstilling av økonomien, at verdifulle natur- og jordressursar ikkje blir bygde ned, og at vi alle kan leve godt i trygge lokalsamfunn. Omdisponering av dyrka mark skal reduserast, og arealplanlegginga skal bidra til å nå målet om redusert omdisponering av matjord i tråd med ny jordvernstrategi frå 2023.

- Vi må ta vare på matjorda. Særleg i pressområde er det viktig å praktisere eit strengt jordvern for å hindre at viktige jordbruksareal blir bygde ned, seier Gjelsvik.

Retningslinjene legg også opp til godt tilpassa løysingar for dei store byane. Sykling, gange og kollektivtrafikk vert prioritert i byar og tettstader gjennom planlegging av heilheitleg infrastruktur som er samanhengande, tilgjengeleg, attraktiv og trygg.

- I arbeidet med byvekstavtalar i dei store byane skal hovudtyngda av vekst i bustadar og arbeidsplassar kome i eller i nærleiken av større knutepunkt for å bygge opp under nullvekstmålet, med dei tilpassingar som fylgjer av den einskilde avtale, seier Gjelsvik.

Forventningane skal leggjast til grunn for all planlegging, og for staten si deltaking i planprosessane.

– Fylkeskommunane og kommunane er ulike og har ulike føresetnader. Det e derfor avgjerande at planlegginga tek utgangspunkt i regionale og lokale forhold, slik at løysingane blir tilpassa dei enkelte lokalsamfunna, seier Gjelsvik.