Nye oppgåver til Barentssekretariatet og styrking av arbeidet med nordområdepolitikken
Pressemelding | Dato: 20.06.2023 | Utanriksdepartementet
Ansvaret for det norske Barentssekretariatet skal overførast frå Utanriksdepartementet (UD) til Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD). Det norske Barentssekretariatet skal framleis spela ei viktig rolle i nordområdepolitikken. Utviklinga i nord føreset eit godt samspel mellom innanriks- og utanrikspolitikken, og UD og KDD samarbeider tett og godt om nordområdepolitikken
– Moglegheitene for grensekryssande samarbeid er nå kraftig redusert grunna krigen Russland fører mot Ukraina og den totalitære utviklinga i landet. Men vi ser at det norske Barentssekretariatet framleis har ei viktig rolle å spele i Barentsregionen, seier utanriksminister Anniken Huitfeldt (Ap).
Regjeringa har avgjort at ansvaret for det norske Barentssekretariatet i Kirkenes skal overførast frå UD til KDD frå 2024. Det norske Barentssekretariatet har over mange år har gjort eit stort og viktig arbeid for folk-til folk-samarbeid og grensekryssande kontakt med Russland.
– Eg er oppteken av at det norske Barentssekretariatet skal fungere godt framover. Det kan spele ei viktig rolle i eit tettare regionalt samarbeid med Sverige og Finland i nord, i urfolkssamarbeidet og i samfunnsutviklinga i Nord-Noreg, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.
KDD vil fram mot 2024 samarbeide med eigarane av sekretariatet, fylkeskommunane i nord, om nye oppgåver for det norske Barentssekretariatet. UD vil framleis involverast i den delen av folk-til-folk-samarbeidet med Russland som er att, og ta hand om kontakta med russiske aktørar.
– Det norske Barentssekretariatet skal framleis støtta folk-til-folk-prosjekt med det russiske sivilsamfunnet i den grad samarbeidet finn stad. Hovudtyngda i arbeidet hjå Barentssekretariatet vil retta seg mot regionalt, grensekryssande samarbeid med Sverige og Finland i nord, seier Huitfeldt.
– Styrking av samarbeidet med Finland og Sverige i nord er bra og viktig. Nordområda er Noregs viktigsate strategiske interesseområde og Utanriksdepartementet styrkar nå vårt arbeid med nordområdepolitikkens internasjonale dimensjon, seier Huitfeldt.
Noregs leiarskap i Arktisk råd er regjeringas viktigaste utanrikspolitiske nordområdesatsing
Noreg overtok leiarskapen i Arktisk råd 11. mai i år. Dei fire hovudprioriteringane for leiarskapen er hav, klima, miljø, bærekraftig utvikling, og folk i nord. I tillegg vil Noreg gi særskild merksemd til arktisk ungdom og urfolk i Arktis.
For å styrke arbeidet med leiarskapen og understøtte norske Arktis- og nordområdepolitiske prioriteringar, har UD nyleg lyst ut ei ny, toårig stilling som skal ha kontorplass ved Arktisk råds sekretariat på Framsenteret i Tromsø.
– Noregs leiarskap i Arktisk råd er regjeringas viktigaste utanrikspolitiske nordområdesatsing dei neste to åra. Leiarskapen vil generera både nye prosjekt og satsingar i nord, og involvere ei rekke av kompetansemiljøa i Tromsø og Nord-Noreg. Då er det viktig for UD at me har ein person til stades i Nord-Noreg som kan arbeide med dette også derfrå,). I tillegg kjem me framleis til å reise ofte nordover frå Oslo, seier utanriksminister Anniken Huitfeldt (Ap).