Nye studieplassar på sjukepleie over heile landet
Pressemelding | Dato: 03.02.2022 | Kunnskapsdepartementet
Regjeringa har fordelt 300 ekstra studieplassar i sjukepleie til 11 universitet og høgskular.
Behovet for fleire sjukepleiarar er stort. Difor aukar regjeringa kapasiteten med 500 studieplassar frå hausten 2022. No er 300 av plassane finansierte med friske midlar fordelte og det er Universitetet i Agder og Høgskulen i Molde som får flest nye studieplassar.
– Behovet for sjukepleiarar er stort, kanskje særleg i distrikta. Det å ha nok fagfolk i helse- og omsorgstenestene der folk bur, er eit viktig mål for regjeringa. Pandemien har gjort det endå tydelegare at vi treng fleire sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar. No aukar vi utdanningskapasiteten ved høgskular og universitet frå Agder i sør til Nordland i nord, seier forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe.
300 av studieplassane blir finansierte med 14,3 millionar kroner i 2022. Pengane er fordelte med utgangspunkt i tilbakemeldingane frå universiteta og høgskulane om kor dei har høve til å auke utdanningskapasiteten. Regjeringa har spesielt oppmoda institusjonane om å prioritere utdanningar i spesialsjukepleie.
– Det er mange gode kandidatar som søker seg til sjukepleiar- og spesialsjukepleiarutdanningane, men som ikkje kjem inn fordi det manglar studieplassar. Det er særleg behov for fleire spesialsjukepleiarar. Derfor skal institusjonane prioritere vidareutdanning for jordmødrer, helsesjukepleiarar, og anestesi-, barn-, intensiv-, operasjon- og kreftsjukepleiarar, seier Borten Moe.
Tilbakemeldingane viser at fleire institusjonar følger opp målet til regjeringa om fleire utdanningstilbod i distrikta. Fleire av studieplassane er derfor tildelte institusjonar som skal bruke dei på vidareutvikling av gode tilbod som fordelte over heile landet.
Dei resterande 200 plassane til grunnutdanninga i sjukepleie, som regjeringa har bestemt skal vere klare til hausten 2022, skal utdanningsinstitusjonane finansiere sjølve.
Fordeling av dei nye studieplassane på ulike studiestadar/geografi
Institusjon |
Nye studieplassar |
Geografi |
Lovisenberg diakonale høgskole |
10 |
Oslo |
Høgskulen på Vestlandet |
14 |
Blir fordelte mellom Haugesund, Bergen og Førde |
Universitetet i Agder |
59 |
Kristiansand og Grimstad |
Universitetet i Stavanger |
20 |
Stavanger |
Noregs teknisk-naturvitskapelege universitet |
4 |
Gjøvik |
Høgskolen i Østfold |
43 |
Plassane til grunnutdanninga er tenkt brukt til desentralisert utdanning i Indre Østfold, plassane til spesialsjukepleiarutdanninga er i Fredrikstad |
Høgskolen i Innlandet |
4 |
Ikkje avklart |
Høgskolen i Molde – vitskapeleg høgskole i logistikk |
52 |
Kristiansund og Molde |
Nord universitet |
25 |
Desentralisert utdanning - plassane blir fordelte på fem regionar ut frå søkargrunnlag/etterspørsel i dei ulike regionane. Spesialsjukepleiarutdanninga er i Bodø. |
VID vitskaplege høgskole |
32 |
Plassane til grunnutdanninga er i Sandnessjøen, plassane til kreftsjukepleiarutdanninga er i Oslo eller Bergen. |
Universitetet i Søraust-Noreg |
37 |
Campus Vestfold |
SUM |
300 |
|
Oversikt over ekstra studieplassar som universiteta og høgskulane skal prioritere innanfor eige budsjett
Institusjon |
Fordeling innanfor eiga ramme |
OsloMet |
30 |
Høgskulen på Vestlandet |
30 |
Universitetet i Agder |
20 |
Universitetet i Stavanger |
20 |
UiT – Noregs arktiske universitet |
15 |
Noregs teknisk-naturvitskapelege universitet |
25 |
Høgskolen i Østfold |
10 |
Høgskolen i Innlandet |
10 |
Høgskolen i Molde – vitskapleg høgskole i logistikk |
10 |
Nord universitet |
10 |
Universitetet i Søraust-Noreg |
20 |
SUM |
200 |