Nye styre i dei regionale helseføretaka
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet
Pressemelding | Dato: 16.01.2018
Helse- og omsorgsministeren har i dag oppnemnt styremedlemmar og styreleiarar for dei regionale helseføretaka. Det blir mellom anna nye styreleiarar i Helse Sør-Øst, Helse Vest og Helse Midt-Norge.
Marianne Telle held fram som styreleiar i Helse Nord. I Helse Sør-Øst blir Svein I. Gjedrem ny styreleiar, i Helse Vest Einar Strømsvåg, og i Helse Midt-Norge Tina Steinsvik Sund. I tillegg er det også nokre endringar blant dei andre styremedlemmane i helseføretaka.
Det er lagt vekt på at styra samla sett har relevant kompetanse ut frå dei regionale helseføretaka sine formål og utfordringar. Samstundes er det ønskeleg med ein balanse mellom kontinuitet og fornying i det enkelte styre.
- Eg vil takke styreleiarane og styremedlemmane som no går av for jobben dei har gjort. Dei har lagt ned ein stor og viktig arbeidsinnsats over fleire år til det beste for sjukehusa og pasientane. Samstundes er eg godt fornøgd med dei nye medlemmane. Med deira kompetanse og kvalifikasjonar er eg trygg på at dei vil vidareføre det viktige arbeidet på ein god måte, seier helse- og omsorgsministeren.
Styra i dei regionale helseføretaka er dei øvste ansvarsorgana i helseregionen. Styra skal sjå til at helseføretaka i regionane gir gode og likeverdige spesialisthelsetenester til befolkninga i regionen. Dei har ansvar for at dei helsepolitiske måla vert nådde innanfor rammene som Stortinget har vedteke. Styra består av både eigaroppnemnte styremedlemmar og styremedlemmar som er valde av dei tilsette. Styremedlemmane skal ikkje representere geografiske område, politiske organisasjonar eller andre interessegrupper.
Dette er eit ordinært styreval av eigaroppnemnte styremedlemmar. Styremedlemmane vert oppnemnte for ein periode på to år.
Styret for Helse Sør-Øst RHF vil bestå av følgande styremedlemmar:
- Svein Ingvar Gjedrem (styreleiar) (ny)
- Anne Cathrine Frøstrup (nestleiar)
- Sigrun E. Vågeng
- Geir Nilsen
- Bushra Ishaq (ny)
- Einar Lunde (ny)
- Vibeke Limi (ny)
Ansattvalgte:
- Kirsten Brubakk
- Christian Grimsgaard
- Svein Øverland
Styret for Helse Midt-Norge RHF vil bestå av følgande styremedlemmar:
- Tina Steinsvik Sund (styreleiar) (ny)
- Paul Steinar Valle (nestleiar)
- Beate Skillingstad (ny)
- Liv Stette
- Bjørn Inge Gustafsson (ny)
- Kristian Dahlberg Hauge (ny)
Ansattvalgte:
- Lindy Jarosch-von Schweder
- Ivar Østrem
- Anita Solberg
Styret for Helse Vest RHF vil bestå av følgande styremedlemmar:
- Einar Strømsvåg (styreleiar) ny
- Tone Berntsen Steinsvåg (nestleiar)
- Gunnar Berge
- Olin Johanne Henden
- Sigurd Kolstrup Hille (ny)
- Katrine Trovik (ny)
Ansattvalgte:
- Lise Karin Strømme
- Bente Sissel Pilskog
- Tom Guldhav
Styret for Helse Nord RHF vil bestå av følgande styremedlemmar:
- Marianne Telle (styreleiar)
- Inger Lise Strøm (nesteleiar)
- Kari Jørgensen
- Sven Are Jenssen
- Beate Rahka-Knutsen (ny)
- Tom Erik Forså (ny)
- Tom Børje Eriksen (ny)
Ansattvalgte:
- Fredrik Sund
- Sissel Alterskjær
- Kari B. Sandnes