Historisk arkiv

Nye tilskott til kai- og tømmerterminalar i 2017

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

I statsbudsjett for 2017 er det løyvd om lag 75 millionar kroner til utvikling av kai- og tømmerterminalar. Frist for innsending av prosjektskisser er 1. april. Fleirbruksanlegg av stor verdi for næringa og samfinansiering mellom fleire næringsinteresser er av dei kriteriane det blir lagt vekt på i denne søknadsrunden.

– Regjeringa satsar på betre infrastruktur i skogbruket, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale. – Vidareutvikling av tømmerkaier er eit viktig tiltak for auka hogst og lønsemd i skog- og trenæringa. – Meir aktivitet i skogen gjev ringverknadar for næringsverksemd og sysselsetjing i distrikta, seier Dale.

Løyvingane er auka med 62 prosent frå 2016. Inntil 29 millionar kroner av beløpet skal gå til prosjekt i fylke langs kysten med sysselsettings-utfordringar. Dette vil bli tillagt vekt som tildelingskriterium. Hensikten er å leggje til rette for ein rasjonell tømmertransport frå skog til industri.

Lokalisering og fleirbruksanlegg

Lokalisering av kaiene er avgjerande for å sikre både kostnadseffektive tømmerleveransar til foredlingsindustrien innanlands og produktflyt til marknaden nasjonalt og internasjonalt. Fellesanlegg/fleirbruksanlegg av stor verdi for næringa skal ha prioritet, og samfinansiering mellom fleire næringsinteresser vil bli vektleggast i søknadshansaminga. Prosjekt som raskt kan realiserast blir også prioritert. 

Tømmerkai.
Tømmerkai. Foto: Terje Natland/Fylkesmannen i Hordaland