Nynorskprisen for journalistar til Ingvild Bryn
Nyheit | Dato: 03.05.2024 | Kultur- og likestillingsdepartementet
Ingvild Bryn i NRK er tildelt Kultur- og likestillingsdepartementets nynorskpris for journalistar.
Under nyheitsdivisjonen i NRK sitt fredagsmøte vart Ingvild Bryn overraska med nyhenda om prisen. Der dukka nemleg juryleiar Solveig Barstad opp på storskjerm. Ho la fram juryen si grunngjeving for utdelinga, og sa mellom anna:
«I ei tid der fleire og fleire programleiarar og andre journalistar brukar dialekt som arbeidsspråk, kan Bryn halda det gåande utan manus med eit ledig og lett normert nynorsk time etter time på direktesendingar i NRK. Slik gjer ho det tydeleg og synleg at nynorsk kan brukast som nyheitsspråk om alt og til alle.»
Kvart år blir Kultur- og likestillingsdepartementet sin nynorskpris for journalistar delt ut til ein dyktig journalist som har utmerkt seg med bruk av levande og god nynorsk i norske medium, og som gjennom arbeidet sitt har gjeve nynorsken status og innpass på nye område. Prisen er på 75.000 kroner og eit kunstverk.
NRK Nynorsk mediesenter er sekretariat for Kultur- og likestillingsdepartementets nynorskpris for journalistar