Revidert nasjonalbudsjett
Nytt hovudbygg på Jan Mayen
Nyheit | Dato: 14.05.2024 | Forsvarsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet
Regjeringa foreslår 80 millionar kroner til oppstart av prosjekt for nytt hovudbygg på Jan Mayen i revidert nasjonalbudsjett. Dagens stasjonsbygg er i svært dårleg forfatning og må erstattast.
– Stasjonen på Jan Mayen har ei viktig strategisk plassering. Eit nytt hovudbygg på Jan Mayen skal sikra trygt norsk nærvær og suverenitet på Jan Mayen gjennom heile året, vera ein driftseffektiv stasjon og leggja til rette for prioriterte aktivitetar. Folka som er stasjonerte på Jan Mayen vil med dette få meir moderne og sikra arbeidsforhold, seier forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp).
Justis- og beredskapsminister Emilie Mehl (Sp) understrekar at det er viktig å prioritera eit nytt hovudbygg på Jan Mayen og at det no nærmar seg realisering.
– Aktiviteten på Jan Mayen utgjer ein viktig del av nærværet vårt i nordområda. Vi treng eit nytt hovudbygg for å kunna vareta og sikre framleis drift av dei funksjonane Noreg har på Jan Mayen, seier justis- og beredskapsministeren.
Tenestene og installasjonane på Jan Mayen blir brukt tverrsektorielt og er viktig infrastruktur for mellom anna næringsliv, forsking og tilsyn av naturreservat. På Jan Mayen driftar Noreg også bakkestasjonane for navigasjonssystema European Geostationary Navigation Overlay System (EGNOS) og Galileo.
Prosjektet Nytt hovudbygg omfattar ny storgarasje og erstatning av to naust og dessutan sanering av eksisterande stasjonsbygg. Prosjektet er planlagt gjennomført i perioden 2024–2028. Foreslått kostnadsramme for prosjektet er 1 641 millionar kroner, inkludert meirverdiavgift og gjennomføringskostnader.