Nytt rundskriv – Klargjering av praksisen for jordvern

Føremålet med rundskrivet som no går ut til statsforvaltarane, er å bidra til ein meir einsarta forvaltningspraksis og gjere det meir føreseieleg for kommunal planlegging.

– Regjeringa fører ein streng jordvernpolitikk. Det å ta vare på matjorda er ein viktig del av styrkinga av matberedskapen. Rundskrivet klargjer kva som er spørsmål av nasjonal eller vesentleg regional tyding, eller som av andre grunnar er av vesentleg betydning på jordvernområdet. Rundskrivet skal leggjast til grunn for motsegnspraksisen til statsforvaltarane og overfor kommunane, seier landbruks- og matminister Geir Pollestad.

Reglane om motsegn i plan- og bygningslova er ein grunnleggande føresetnad for at kommunane kan eigengodkjenne kommuneplanane og reguleringsplanane sine. Desse reglane skal bidra til å sikre at kommunane ikkje vedtek arealplanar som strider mot nasjonale og vesentlege regionale interesser, som for eksempel jordverninteressene. Det står i rundskrivet at statsforvaltarane skal delta aktivt i planprosessane og formidle jordverninteressene tidleg i planlegginga, slik at ein kan unngå motsegn. Det står òg at statsforvaltarane må vurdere om kommunale planar er i tråd med vedtekne overordna planar, Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging, statlege planretningslinjer og statlege eller regionale planreglar.

Nye statlege planretningslinjer for arealbruk og mobilitet

Nye statlege planretningslinjer for arealbruk og mobilitet blei fastsett ved kongeleg resolusjon den 20.12.2024. Der står det at omdisponeringa av dyrka jord skal minimerast, og at arealplanlegginga skal bidra til å nå målet om redusert omdisponering av matjord i tråd med nasjonal jordvernstrategi. Det står òg at jordvern bør vere eit overordna omsyn i arealplanlegginga, og at ein bør vurdere å oppheve gamle planar som fører til omdisponering av dyrka jord.

I regjeringas nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging er jordvernet styrka. Der står det at det er viktig at utbyggingsbehovet blir balansert betre mot det langsiktige omsynet til innanlands matproduksjon, og at det særleg i pressområde er viktig å praktisere eit strengt jordvern. Det står òg at dei beste jordbruksareala ofte ligg der utbyggingspresset er størst, samtidig som tettstadsnære jordbruksareal har stor betydning for beredskapen. 

I den nasjonale jordvernstrategien er det sett eit mål om maksimal årleg omdisponering av dyrka mark.

– Dette er eit nasjonalt mål, og det er avgjerande for å nå målet, at det ikkje blir omdisponert dyrka mark gjennom arealplanlegginga, anna enn i særskilde høve. Kommunane må bidra til at det nasjonale jordvernmålet vert nådd. Det nasjonale jordvernmålet er ambisiøst og tilseier at ein har ei særs restriktiv haldning til å bygge ned matjord, seier Geir Pollestad.

Ifølgje rundskrivet om jordvern skal det òg vurderast om tidlegare omdisponert dyrka og dyrkbar mark, som enno ikkje er bygd ut, kan førast tilbake til LNFR-formål. Ifølgje eit nyleg brev frå Kommunal- og distriktsdepartementet kan det vere høve til å fremje motsegn dersom det, etter at den gjeldande planen blei vedteken, har komme nye styringsdokument som det nye planforslaget ikkje følgjer opp.

Ei eventuell tilbakeføring av tidlegare omdisponert areal, nydyrking eller jordflytting er derimot ikkje eit argument for å godta omdisponering av dyrka og dyrkbar mark ein annan stad. Det er det samla arealbehovet i dag som skal vere avgjerande.

Grunna klima og topografi er dyrka og dyrkbart areal ein avgrensa ressurs i Noreg. Kornareal og særleg matkornareal, samt areal der det kan dyrkast frukt og grønsaker, er særleg viktige for mattryggleik og sjølvforsyning. Dette gjeld òg dyrkbar jord med potensial for slike produksjonar. Det er likevel eit mål å ta vare på dyrka og dyrkbar mark i alle regionar. Og mindre og inneklemde jordbruksareal er òg viktige for matproduksjon og beredskap.

Kopi av rundskrivet er sendt til Landbruksdirektoratet, fylkeskommunane og kommunane.