Nytt styre for Fond for lyd og bilde 2024-2026
Nyheit | Dato: 29.11.2023 | Kultur- og likestillingsdepartementet
Kultur- og likestillingsdepartementet har oppnemnt styre i Fond for lyd og bilde for perioden 2024 til 2026. Susanne Næss Nielsen frå Hammerfest er gjenoppnemnt som styreleiar.
Fond for lyd og bilde skal fremme produksjon og formidling av innspeling av lyd- og filmopptak. Fondet fordeler til rettshavarar innan musikk, scene, film og biletkunst. Fondet er i tillegg ein kollektiv kompensasjon til rettshavarar for den lovlege kopieringa av deira åndsverk som skjer i privat bruk.
Det nye styret tiltrer 1. januar 2024.
Leiar: Susanne Næss Nielsen, Hammerfest
Vara for styreleiar: Mathias Tadesse Gebremichael, Oslo
Representantar for produsentorganisasjonar:
Medlem: Torstein Parelius, Vanvikan (ny)
Varamedlem: Trude Refsahl, Bergen (ny)
Medlem: Olga Solyanik, Alta (ny)
Varamedlem: Jarle Savio, Sørumsand (ny)
Representantar for opphavsretts- og utøverorganisasjonar:
Medlem: Samsaya Sampda Sharma, Oslo
Varamedlem: Arvid Wam Solvang, Haslum (ny)
Medlem: Kristin Mellem, Tromsø (ny)
Varamedlem: Alwynne Pritchard, Bergen (ny)
Medlem: Thomas Talawa Prestø, Nittedal
Varamedlem: Marit Larsen, Oslo (ny)
Medlem: Torfinn Iversen, Sortland
Varamedlem: Gjyljeta Berisha, Oslo (ny)
Styret har sju medlemmar med personlege varamedlemmar. Leiar og personleg varamedlem for leiar er oppnemnde av Kultur- og likestillingsdepartementet på fritt grunnlag. To styremedlemmar med varamedlemar er oppnemnde etter innstilling frå produsentorganisasjonane. Fire medlemmar med varamedlemmar er oppnemnde etter innstilling frå opphavsretts- og utøvarorganisasjonar.