Nytt styre for Språkrådet
Nyheit | Dato: 21.12.2023 | Kultur- og likestillingsdepartementet
Kultur- og likestillingsdepartementet har oppnemnt nytt styre for Språkrådet for perioden frå 1. januar 2024 til 31. desember 2027. Ingrid Vad Nilsen blir ny leiar for styret.
Det nye styret er samansett slik:
- Leiar: Ingrid Vad Nilsen, Oslo
- Nestleiar: Erik Bolstad, Oslo
- Medlem: Sjur Nørstebø Moshagen, Tromsø
- Medlem: Heidi-Iren Wedlog Olsen, Molde
- Varamedlem: Toril Opsahl, Oslo
- Varamedlem: Svein Arne Orvik, Ulsteinvik
I tillegg kjem ein styremedlem og ein varamedlem som dei tilsette i Språkrådet peikar ut.
Språkrådet er statens forvaltningsorgan i språksaker. Gjennom målretta aktivitetar skal Språkrådet fremje norsk språks status og bruk på utsette samfunnsområde. Språkrådet skal også bidra til å verne og fremje norsk teiknspråk og dei nasjonale minoritetsspråka som alle har lovfesta vern etter språklova.