Nye styre i NOKUT og Diku
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kunnskapsdepartementet
Nyheit | Dato: 16.12.2020
Kunnskapsdepartementet har oppnemnt nye medlemer til styra for Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) og Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku). Begge styra er oppnemnte for perioden 2021 til 2024.
- Eg er veldig glad for at vi har fått på plass nye styremedlemer i NOKUT og Diku. Auka kvalitet og internasjonalisering i høgare utdanning blir stadig viktigare, så eg vil ønskje dei nye medlemane lykke til med arbeidet, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H).
Nye styremedlemer i NOKUT
Saira Basit (1981, Oslo) Basit er visedekan/assisterande avdelingssjef i fagstaben ved Forsvarets høgskole. Basit har permisjon frå stillinga som førsteamanuensis ved Institutt for forsvarsstudiar. Ho sitt i dag i styret ved Fakultet for Teknologi, kunst og design ved OsloMet, som eksternt styremedlem.
Øystein Eriksen Søreide (1969, Oslo) Søreide er administrerande direktør i Abelia. Han har tidlegare vore byråd for helse og sosiale tenester i Oslo kommune for Høgre, og bydelsdirektør i Bydel Grorud i Oslo kommune.
Wictor Østvand Jensen (1995 Heradsbygd) Jensen er leiar i Organisasjon for Norske Fagskolestudentar (ONF). Jensen har vore studentrådsleiar på Fagskolen Innlandet og er styremedlem i Nasjonalt fagskoleråd og Nasjonalt råd for tekniske fagskoleutdanningar. Han har gått på Fagskolen Innlandet, maskinteknisk drift og studerer no praktisk leiing ved Fagskolen Tinius Olsen.
Styreleiar og andre styremedlemar er anten gjenvalde eller ikkje på val. Funksjonsperioden for styre- og varamedlemene er fire år, med unntak av studentane som blir oppnemnde for halvanna år.
Nytt styremedlem i Diku
Atle Simonsen (1988, Stavanger) Simonsen er dagleg leiar der i Universitetsfondet Rogaland AS. Han har tidlegare vore statssekretær i Kunnskapsdepartementet og Finansdepartementet. Vararepresentant på Stortinget for FrP, møtte fast som representant frå oktober 2017- januar 2018. Simonsen har ein bachelorgrad i økonomi frå Universitetet i Stavanger.
Styreleiar og dei andre medlemene og varaer er gjenoppnemnde. Funksjonsperioden for styre- og varamedlemer er fire år.
Nye styre i NOKUT og Diku
Styret i NOKUT vil ha følgjande samansetting frå 01.01.2021:
- Lise Kulbrandstad, professor, styreleiar, gjenvald, oppnemnt til 31.12.2024
- Saira Basit (1981, visedekan/ ass. avdelingssjef, ny, oppnemnt til 31.12.2024
- Øystein Eriksen Søreide, administrerende direktør, ny, oppnemnt til 31.12.2024
- Svein Harald Larsen, fagsjef, ikkje på val, oppnemnt til 31.12.2022
- Stina Vrang Elias, adm. direktør, ikke på valg, oppnemnt til 31.12.2022
- Jan I. Haaland, professor, ikkje på val, oppnemnt til 31.12.2022
- Aleksander Thiren Sriskantarajah, student, gjenvald, oppnemnt til 30.06.2022
- Wictor Østvand Jensen, student, ny, oppnemnt til 30.06.2022
Varamedlemer
- Randi Skår, dekan, ikkje på val, oppnemnt til 31.12.2022
- Tormod Skjerve, seniorrådgivar, ikkje på val, oppnemnt til 31.12.2022
- Johans Tveit Sandvin, professor, ikkje på val, oppnemnt til 31.12.2022
- Alva Amalie Talsnes Eide, student, ny, oppnemnt til 30.06.2022
- Harald Widding, student, ny, oppnemnt til 30.06.2022
I tillegg kjemt representantane frå dei tilsette.
Styret i Diku vil ha følgjande samansetting frå 1. januar 2021:
- Kristin Margrethe Flornes, konserndirektør, styreleiar, oppnemnt til 31. desember 2024
- Pål A. Pedersen, professor oppnemnt til 31. desember 2024
- Cecilia Roos, professor, oppnemnt til 31. desember 2024
- Atle Simonsen, dagleg leiar, oppnemnt til 31. desember 2024
Varamedlemer:
- Christin Kristoffersen, student, oppnemnt til 31. desember 2024
- Magne Frostad, professor, oppnemnt til 31. desember 2024
I tillegg kjem representantane frå dei tilsette og ein student oppnemnt av Norsk studentorganisasjon. Styret vel sjølv sin eigen nestleiar.