Nytt styre i Noref - Senter for internasjonal konfliktløysing
Nyheit | Dato: 11.09.2023 | Utanriksdepartementet
Utanriksdepartementet har utnemnt nytt styre i Noref - Senter for internasjonal konfliktløysing.
Tidlegare ambassadør Kim Traavik er utnemnd som styreleiar for to nye år. Tidlegare ambassadør Jon Hanssen-Bauer er utnemnd til nytt styremedlem og Siri Skåre er utnemnd som ny tilsettrepresentant. I tillegg held Kristin Lund, Kate Hansen Bundt og Arne Strand fram i styret.
Øyvind Nordsletten og tilsettrepresentant Katja Cappelen forlèt styret, og Utanriksdepartementet takkar dei for god innsats.
Styret i Noref består dermed av:
- Kim Traavik – styreleiar. Tidlegare ambassadør og statssekretær i Utanriksdepartementet. Sidan han pensjonerte seg i 2016 har Traavik vore aktiv i ulike styre og jobba mellom anna for Forskingsrådet.
- Kristin Lund – styremedlem. Tidlegare generalmajor i Hæren med brei erfaring frå mellom anna fredsbevarande operasjonar.
- Kate Hansen Bundt – styremedlem. Generalsekretær i Den norske atlanterhavskomité.
- Arne Strand – styremedlem. Seniorforskar ved Christian Michelsens Institutt (CMI).
- Jon Hanssen-Bauer – nytt styremedlem. Tidlegare tilsett i Utanriksdepartementet og tidlegare ambassadør til Israel.
- Siri Skåre – nytt styremedlem. Tilsettrepresentant og seniorrådgivar i Noref.
Styret består av seks medlemmer som i samsvar med vedtektene blir utpeika av Utanriksdepartementet for ein periode på to år.
Noref er ei uavhengig stifting som vart oppretta i 2008. Dei har som hovudoppgåva si å jobbe for fredeleg løysing av væpna konfliktar, og støtte opp om norsk og internasjonal fredsinnsats gjennom eigne prosjekt og støtte til andre aktørar.
For ytterlegare informasjon, sjå Noref si nettside.