Nytt utval skal gjennomgå organiseringa av det statlege barnevernet

Regjeringa har i dag oppnemnd eit utval som skal gjere ein heilheitleg gjennomgang av dagens organisering av det statlege barnevernet, og rollene til Bufdir og Bufetat.

– Eg vil no gjere ei vurdering av ansvar og myndigheit, og korleis det statlege barnevernet er organisert for å sikre god styring av ressursane slik at barna får best mogleg hjelp og naudsynte tenester i tråd med eigne behov, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).

I dag er det offentlege ansvaret for barnevernet delt mellom stat og kommune. Barne- ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) er både fagdirektorat for det statlege og det kommunale barnevernet, og etatsstyrar for den statlege delen av institusjonstilbodet. 

Fleire rapportar og utgreiingar har stilt spørsmål ved korleis det statlege barnevernet er organisert i dag, og om Bufdirs rolle som både fagdirektorat og etatsstyrar. Likevel har dette aldri vore tema for ei heilskapleg utgreiing.

Tydeleggjere skiljet mellom fagdirektorat og etatsstyrar

Målet med ei slik utgreiing er å bidra til ein god fagleg utvikling av det statlege barnevernet, og sjå på nye forslag til organisering

Utvalet skal vurdere styrkar og svakheiter ved dagens organisering og skal foreslå minst ein modell som skil fagdirektoratet (Bufdir) og etatsstyrar (Bufetat). Målet er å gi gode og effektive tenester for barna.

– Eg ser fram til å få ei heilskapleg vurdering av organiseringa av statleg barnevern, for å sikre ei betre og meir varig løysing for å tydeleggjere rollene som fagdirektorat og etatsstyrar. Dette er viktig for tilliten til barnevernet, seier Toppe.

Betre samhandlinga

Oslo kommune er den einaste kommunen i landet som sjølv har ansvar for alle barnevernstenester, og dei fell derfor ikkje inn under det statlege barnevernet. Utvalet skal likevel sjå på tiltak som kan forbetre og forsterke samhandlinga mellom Barne- og familieetaten i Oslo kommune og det statlege barnevernet (Bufetat).

Utval og mandat

I arbeidet skal utvalet ta utgangspunkt i relevante utgreiingar, som til dømes Barnevernsinstitusjonsutvalet sin NOU «Med barnet hele vegen», og den pågåande områdegjennomgangen av institusjonsbarnevernet. Barn og unge sine erfaringar skal vere ein del av kunnskapsgrunnlaget.

Utvalet består av seks personar med bakgrunn frå feltet og relevant kompetanse og blir leia av Erik Stene, fagdirektør i Statens helsetilsyn. Utvalet skal levere sin rapport innan 1. oktober 2025.  

Dette er medlemmane i utvalet:

Leiar:

  • Fagdirektør Erik Stene, Orkland

Medlemmar:

  • Spesialrådgjevar Jan Fredrik Andresen, Oslo
  • Spesialrådgjevar Mildrid Kvisvik, Notodden
  • Seniorforskar Nina Drange, Oslo
  • Kommunedirektør Kjell Hugvik, Bodø
  • Sjefslege Marit Hermansen, Grue

Sjå mandatet til utvalet her.