Olav Kvipt er tildelt Kulturminnefondet sitt formidlingsstipend
Nyheit | Dato: 18.10.2023 | Klima- og miljødepartementet
Kulturminnefondet sitt nasjonale formidlingsstipend 2023 er delt ut til Olav Kvipt. Kvipt har i mange år bidrege til merksemd rundt bevaring av kulturminner og kulturmiljø. Han er for tida å sjå i serien «Olav på Kvipt» på NRK.
Stipendet vart delt ut av statssekretær Kjersti Bjørnstad i Klima- og miljødepartementet. Statssekretæren la vekt på private eigarar og innsatsen til dei frivillige for å ta vare på kulturarven, for å utvikla morgondagens samfunn. Olav Kvipt har i mange år bidrege til merksemd rundt bevaring av kulturminne og kulturmiljø.
– Det store engasjementet ditt, formidling og kunnskap kring praktisk bevaring av kulturminne når veldig mange. Dette er viktige bidrag for at fleire skal få kunnskapen som gjer det mogleg å engasjere seg og ta vare på dei kulturminna og kulturmiljøa som mange lever i, sa statssekretær Bjørnstad då ho delte ut stipendet.
På fjellgarden Kvipt i Telemark tek Olav Kvipt vare på både kulturlandskapet, bygningar og gamle bilar. Han har også delteke i fjernsynsprogramma “Der ingen skulle tru at nokon kunne bu” og er for tida å sjå i serien “Olav på Kvipt” på NRK. Stipendet, som er på 50 000 kroner, skal brukast til reiser og foredragsverksemd der det blir formidla om praktisk bevaring av kulturminne og eigne erfaringar.
Kulturminnefondet arbeider for at kulturminne og kulturmiljø skal få ein meir framståande plass i folks medvit gjennom å spree god kompetanse om istandsetjing og forvaltning av kulturarven. Dette gjer dei mellom anna ved å dele ut eit stipend; Kulturminnefondets formidlingsstipend. Den som får stipendet må kunna begeistre og vise korleis det er mogleg å redde kulturarv.