Ole Arve Misund ny direktør ved NIFES
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet
Pressemelding | Dato: 23.10.2015
Ole Arve Misund er i statsråd utnemnt til ny direktør for Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking (NIFES) i Bergen. NIFES forskar på fiskeernæring og trygg og sunn sjømat.
- NIFES skal vere ein leiande kunnskapsleverandør innanfor fiskeernæring og trygg og sunn sjømat nasjonalt og internasjonalt. Med Ole Arve Misund har instituttet fått ein sterk leier med klare mål om å utvikle NIFES vidare. Dette er viktig for å styrkje Noreg som sjømatnasjon, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker.
Ole Arve Misund (58) er i dag administrerande direktør ved Universitetssenteret på Svalbard. Han er utdanna cand. scient og dr. philos i fiskeribiologi frå Universitetet i Bergen og har hatt ulike forskar og leiarstillingar, blant anna som forskingsdirektør ved Havforskningsinstituttet.
- NIFES er unike ved at dei forskar på heile kjeda frå fôr til fisken og ut til helseeffektane på forbrukarane. Deira kunnskap er viktig for å sikre trygg sjømat og ei berekraftig utvikling framover, seier fiskeriministeren.
Ole Arve Misund er tilsett på åremål for seks år, med mogleg forlenging i ytterlegare éin periode. Han tiltrer i februar.
Fakta om NIFES
NIFES er eit forvaltingsorgan under Nærings- og fiskeridepartementet. Instituttet har ei fri og uavhengig rolle i alle faglege spørsmål.
Instituttet har i dag ca. 140 årsverk, og er lokaliserte i Bergen. Instituttet forvaltar forskingsinfrastruktur i form av analysemetodar og laboratorium - og har ei årleg omsetnad på om lag 155 mill. kroner.