Olje- og energiministeren reiser offshore

Stad: Johan Sverdrup

Olje- og energiminister Terje Aasland reiser offshore for å delta på den offisielle opninga av Johan Sverdrup fase 2. Johan Sverdrup-feltet ligg på Utsirahøgda i Nordsjøen og er det tredje største oljefeltet på norsk sokkel. Equinor er operatør for feltet. Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Margrete Løbben Hanssen, telefon 92 85 78 91, e-post mlh@oed.dep.no.