Olje- og energiministeren er vertskap når EUs energikommissær Kadri Simson besøkjer Noreg

Stad:

Olje- og energiminister Terje Aasland er vertskap når EUs energikommissær Kadri Simson besøkjer Noreg. Programmet er følgjande:

Olje- og energiminister Terje Aasland er vertskap når EUs energikommissær Kadri Simson besøkjer Noreg. 

Oppdatering pr. 26. oktober: Programmet er justert. På grunn av usikre vêrmeldingar utgår besøket til Vinje og Brevik om ettermiddagen. I staden blir det program i Oslo. 

Kl. 09.30: Aasland og Simson opnar EUs årlege konferanse om fangst, utnytting og lagring av CO2, «CCUS Forum», som i år vert arrangert i Oslo. Meir om konferansen her.

Kl. 10.30: Aasland og Simson møtest til energidialogmøte, der dei skal diskutere aktuelle saker på energiområdet. Møtet går føre seg i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Riddervoldsgate 2. Det er mogleg å fotografere ved starten av møtet. Oppmøte for fotografar kl. 10.00. Ta med pressekort og gyldig ID.

Kl. 12.00: Aasland og Simson har pressekonferanse der dei oppsummerer energidialogmøtet. Pressekonferansen går føre i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Riddervoldsgate 2. Oppmøte for pressefolk kl. 11.30. Ta med pressekort og gyldig ID.

Kl. 12.50: Aasland og Simson besøkjer Hafslund Oslo Celsio sitt avfallsanlegg på Klemetsrud i Oslo, der dei får ein presentasjon av CO2-fangstanlegget som er under bygging. Heidelberg Cement Group vil også fortelje om CO2-fangstprosjeket på sementfabrikken til Norcem i Brevik.

Presse som ønskjer å vere til stades kan kontakte Truls Jemtland, telefon 92 02 94 80, e-post truls.jemtland@celsio.no.  Stad: Klemetsrudveien 1, Oslo.

Kl. 16.30: Aasland og Simson besøkjer Statkraft, der dei får ei orientering om selskapets verksemd. Det er mogleg å fotografere ved oppstarten  av møtet.

Presse som ønskjer å vere til stades kan kontakte Mie Holmås i Statkraft, telefon 98 03 17 14, e-post mie.holmas@statkraft.com. Stad: Lilleakerveien 6A, Lysaker.