Utdrag frå olje- og energiminister Terje Aaslands kalender for veke 1

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 2. og tysdag 3. januar

Olje- og energiminister Terje Aasland er til stades på regjeringa si strategisamling på Voksenåsen. 

For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.

Onsdag 4. januar

Kl. 18: Olje- og energiminister Terje Aasland er til stades på eit arrangement i regi av NHO Vestfold og Telemark, i samband med NHOs årskonferanse. Aasland skal delta i ein politisk dialogsamtale med stortingsrepresentant Ine Marie Eriksen Søreide. Arrangementet går føre seg i Næringslivets Hus på Majorstua i Oslo.

For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.

Torsdag 5. januar

Kl. 08.45: Visekanslar Robert Habeck møter statsminister Jonas Gahr Støre. Olje- og energiminister Terje Aasland, næringsminister Jan Christian Vestre og klima- og miljøminister Espen Barth Eide er også til stades. Møtet går føre seg i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45.

Det er mogleg å fotografere ved starten av møtet. Oppmøte for akkrediterte fotografar seinast kl. 08.30 ved inngangen i Parkveien 45. Ta med pressekort og gyldig ID. Akkreditering foregår ved å sende ein e-post til info@oed.dep.no innan tysdag 3. januar kl. 16.

 

Kl. 10.00: Pressekonferanse med visekanslar Robert Habeck og statsminister Jonas Gahr Støre. Pressekonferansen går føre seg i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45. Oppmøte for akkrediterte pressefolk seinast kl. 09.30 ved inngangen i Riddervoldsgate 2. Ta med pressekort og gyldig ID. Akkreditering foregår ved å sende ein e-post til info@oed.dep.no innan tysdag 3. januar kl. 16.

 

Kl. 12.20: Visekanslar Robert Habeck har bilateralt møte med olje- og energiminister Terje Aasland. Tema for møtet er styrking av energisamarbeidet  med hovedvekt på energisikkerhet, hydrogen og CCS. Møtet går føre seg i Olje- og energidepartementet i R5, Akersgata 59.

Det er mogleg å fotografere ved starten av møtet. Oppmøte for akkrediterte fotografar seinast kl. 11.50. Ta med pressekort og gyldig ID. Akkreditering foregår ved å sende ein e-post til info@oed.dep.no innan tysdag 3. januar kl. 16.

 

Kl. 13.15: Habeck og Aasland er tilgjengelege for presse, i Olje- og energidepartementet i Akersgata 59. Oppmøte for akkrediterte journalistar og fotografar seinast kl. 12.45. Ta med pressekort og gyldig ID. Akkreditering foregår ved å sende ein e-post til info@oed.dep.no innan tysdag 3. januar kl. 16.

 

Kl. 14.20: Olje- og energiminister Terje Aasland møter ordførarane i Alta, Bodø, Harstad, Narvik, Rana og Tromsø. Tema for møtet er kraftsituasjonen. Møtet går føre seg på Nord-Norges Hus i Oslo. Adresse: Nedre Slottsgate 11.

For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.

 

Torsdag 5. januar og fredag 6. januar

Olje- og energiminister Terje Aasland er til stades når den tyske visekanslaren Robert Habeck besøkjer Noreg. Habeck skal også møte statsminister Jonas Gahr Støre, klima- og miljøminister Espen Barth Eide og næringsminister Jan Christian Vestre. Sjå eiga pressemelding om programmet.

 

Olje- og energidepartementet koordinerer presseakkrediteringa til besøket. Presse som ønskjer å dekke heile eller delar av Habecks program i Oslo, Brevik og Herøya må akkreditere seg ved å sende ein e-post til info@oed.dep.no innan tysdag 3. januar kl. 16.

 

Pressekontaktar er kommunikasjonssjef Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post arvid.samland@oed.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Stine Grimsrud, telefon 97 19 42 50, e-post stgr@oed.dep.no.