Olje- og energiministeren har møte med LO og NHO

Adresse: Akersgata 59

Stad: Olje- og energidepartementet

Olje- og energiminister Terje Aasland møter LO-leiar Peggy Hessen Følsvik og NHO-leiar Ole Erik Almlid. Tema for møtet er korleis partane kan jobbe saman om å løyse utfordringane i kraftsystemet i tida framover.

Det er mogleg å fotografere ved starten av møtet. Oppmøte for fotografar kl. 08.40. Ta med pressekort og gyldig ID. Etter møtet, om lag kl. 09.50, er møtedeltakarane tilgjengelege for presse. Oppmøte for pressefolk kl. 09.30. Ta med pressekort og gyldig ID.

Pressekontakt er kommunikasjonssjef Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post arvid.samland@oed.dep.no.