Olje- og energiministeren besøkjer Danmark
Kalenderhending | Terje Aasland
Stad: København og Esbjerg
Olje- og energiminister Terje Aasland besøkjer Danmark saman med ein norsk næringslivsdelegasjon. Tema for besøket er karbonfangst og -lagring og havvind. Besøket går føre seg i København og Esbjerg.
I København skal Aasland møte sin danske kollega, og dei to skal signere ein intensjonsavtale om karbonfangst og -lagring. Han skal også delta på lanseringa av rapporten Energy Transition Outlook 2022 og delta i ein samtale om korleis ein kan sikre raskare utvikling av havvindparkar. I Esbjerg får Aasland ei omvising på havvindhavna og han besøkjer kontrollsenteret der Vattenfall styrer alle vindturbinane sine i Europa.
Presse som ønskjer å dekkje besøket kan få tilsendt eit meir detaljert program.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Stine Grimsrud, telefon 97 19 42 50, e-post stgr@oed.dep.no.