Olje- og energiministeren besøkjer Haakonsvern
Kalenderhending | Terje Aasland
Stad: Haakonsvern orlogsstasjon
Olje- og energiminister Terje Aasland besøkjer Haakonsvern orlogsstasjon i Bergen, der han får ei orientering frå Sjøforsvaret om arbeidet med å sikre norsk olje- og gassinfrastruktur og den tette samhandlinga mellom Forsvaret, styresmaktene og næringa.
Statsråden og sjefen for Sjøforsvaret er tilgjengelege for presse om lag kl. 13.20.
Presse som ønskjer å delta på besøket må melde seg på til kommunikasjonssjef Michel Hayes i Sjøforsvaret, telefon 98 81 12 46, e-post mhayes@mil.no. Påmelding innan måndag 26. juni kl. 11.00. Oppmøte ved hovudinngangen på Haakonsvern seinast kl. 12.50.
Pressekontakt er kommunikasjonssjef Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post arvid.samland@oed.dep.no.