Olje- og energiministeren inviterer til samarbeidsforum for havvind
Kalenderhending | Terje Aasland
Stad: Telegrafen
Olje- og energiministeren inviterer til samarbeidsforum for havvind. På møtet vil statsråden gå gjennom status for regjeringa sitt arbeid med havvind og det blir diskusjonar om mellom anna sameksistens med andre næringar og om industri- og teknologiutvikling.
Havvindforum blei etablert i fjor, og hadde sitt første møte i september 2021.
Desse er inviterte til møtet: Agder Energi, Aibel, Aker Offshore Wind/Aker Horizont, Aker Solutions, Bergen Offshore Wind Center, Bonheur, Deep Wind Offshore, DNV, Edda Wind, Eksportrådet, EL og IT Forbundet, Energi Norge, Equinor, Eviny, Fellesforbundet, Fiskebåt, FME North Wind, Fred. Olsen, GCE NODE, Hafslund ECO, Industri Energi, Kon-Kraft, LO Norge, Lyse, Magnora, NHO, Norges Fiskarlag, NorSea Group, Norseman Wind, Norsk Havvind AS, Norsk Hydro, Norsk Industri, Norsk olje og gass, Norwea, Norwep, NOWC, NVE, Odfjell Oceanwind, Olje- og gassklynge Helgeland, Parkwind, Rederiforbundet, RWE, Seagust, Senter for hav og Arktis, Shell, Sjømat Norge, Statkraft, Statnett, Totalenergies, Vattenfall, WindWorks Jelsa, Zero og Ørsted.
Møtet går føre seg på Telegrafen i Oslo. Adresse: Kongens gate 21 (inngang frå Prinsens gate). Det er mogleg å fotografere ved starten av møtet. Etter møtet, om lag kl. 15.00, er deltakarane tilgjengelege for presse.
Pressekontakt er kommunikasjonssjef Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post arvid.samland@oed.dep.no.