Olje- og energiministeren møter USAs spesialutsending for klima John Kerry

Adresse: Akersgata 59

Stad: Olje- og energidepartementet

Olje- og energiminister Terje Aasland møter USAs spesialutsending for klima John Kerry. Dei to skal blant anna diskutere klimateknologi og fornybar energi. Møtet går føre seg i Olje- og energidepartementet i Akersgata 59. Det er mogleg å fotografere på starten av møtet. Oppmøte for fotografar seinast kl. 08.30. Ta med pressekort og gyldig ID.

For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.