Olje- og energiministeren og barne- og familieministeren møter straumbransjen
Kalenderhending | Terje Aasland, Kjersti Toppe
Stad: Oslo Kongressenter
Olje- og energiminister Terje Aasland og barne- og familieminister Kjersti Toppe har invitert representantar for straumbransjen, tilsynsmyndigheiter, Elklagenemda og Forbrukarrådet til eit møte om forbrukarmarknaden for straum.
Møtet går føre seg på Oslo Kongressenter. Adresse: Youngs gate 21, Oslo.
Det er mogleg å fotografere ved oppstarten av møtet. Oppmøtet for fotografar kl. 09.45. Etter møtet, om lag kl. 11.45, er møtedeltakarane tilgjengelege for presse.
For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no eller pressevakta i Barne- og familiedepartementet på 97 77 36 34, e-post media@bfd.dep.no.